Ofte stilte spørsmål om eigedomsskatt

Når kjem rekninga for eigedomsskatt?

Eigedomsskatten vert fakturert saman med dei øvrige kommunale avgiftene  med forfall 20 april, 20 juni, 20 september og 20 desember. Fakturane vert sendt ut i slutten av månaden før forfall.

Korleis reknast taksten ut i sjablongen?

Antall m2 * Pris pr m2 * Indre Faktor (IF) * Ytre Faktor (YF)
= Takst

Eksempel:

Bustad på 100m2 med IF 0,9 og YF 1,1:

100* 4000*0,9*1,1= 396.000,-

Summen som syner på skatteseddel, er det beløp pr år?

Ja, summen underst til høgre på skatteseddelen er årsbeløpet. Årsbeløpet delast på 4 termin saman med faktura for kommunale avgifter.

Kva er indre- og ytre faktor?

Indre faktor nyttast for å korrigere taksten ut i frå tilhøve på eigedommen. Det vil seie alt som er innanfor tomtegrensa. Hermed også eventuelle bryggjer og strandline. Generell standard og kvalitet vil innvirke på indre faktor.
Ytre faktor nyttast for å korrigere taksten ut frå tilhøve rundt eigedommen. Det kan blant anna være utsikt, sotilhøve, støy, nærleik til sjøen eller andre tilhøve ein sjølv ikkje kan styre.

Kva har befaringsmann/takstmann lagt til grunn for verdivurdering?

Målet er å finne antatt marknadsverdi på eigedommen. Til hjelp for dette vurderast tilhøve ved eigedommen som byggjeår, bygningens stand, kjente omsetningar i området for tilsvarande objekt.
Det vert kun utført utvendig befaring.

Eg har store skadar som takstmann ikkje kjenner til, spelar dette inn på taksten?

Ja, det kan det gjere- i alle fall midlertidig, men ofte vil slike skadar bli utbetra på bakgrunn av forsikring eller liknande. Du kan levere skriftleg klage, der tilhøva vert beskrivne. Vedlegg dokumentasjon, skadetakst eller bilete, der det føreligg.

Taksten er altfor høg, dette meiner eg er urimeleg, har de gjort ein feil?

Er taksten realistisk ved sal i ein open marknad utan heftelsar på eigedommen? Om du meinar at taksten er for høg er det mogleg å klage. Klagenemnda vil kunne vurdere dette på nytt. Om taksten endrast, kan klageren ende opp med både høgare og lågare takst.

Naboen har fått lågare takst enn meg, men har jo eit større hus?

Det er gjort ei verdivurdering ut ifrå kva marknaden er villig til å betale for huset ditt. Andre faktorar enn areal kan spele inn på verdien.

Eg har ein lågare verditakst tidlegare, har de gjort ein feil?

Kanskje. Men eigedomsskattetakst er ikke det same som for eksempel lånetakst eller verditakst ved sal av eigedom. Ein må og hugse at takstar er ferskvare, so mykje kan ha skjedd i mellomtida. Kanskje marknaden har utvikla seg.

Hytta mi er ikkje mogleg å selje på grunn av at den ligg på ei tomt saman med fleire hytter. Me har avtalar som binder oss så me ikkje får solgt.

Eigedomsskattelova tek ikkje stilling til privatrettslege avtalar. Eigedomsskatten på slike eigedommar må delast mellom dei forskjellige eigarane internt.

Eg har ei festa tomt. Kvifor skal ikkje grunneigar betala eigedomsskatten?

Det er den som reknast som eiger av tomta, som må betale eigedomsskatt. Som rettsleg utgangspunkt er dirfor bortfestar (grunneigar) ansvarleg for eigedomsskatten på grunn og festar ansvarleg for eigedomsskatt på bygningar/anlegg/konstruksjonar som tilhøyrer festaren.
Men for festeavtalar med varigheit utover 99 år eller når festeran har ei einsidig og ubegrensa rett til å krevje forlenging av festeavtalen, må festaren reknast som eiger av tomta, og er difor ansvarleg også for eigedomsskatten på grunnen.
For å avgjere kven som skal betale eigedomsskatt for festetomt i einskild tilfelle, må ein difor sjå på den aktuelle festekontrakta saman med reglane i tomtefestelova. Regler om festetid, innløysing og forlenging av festeavtalar for bustad og fritidsbustader finn ein i tomtefestelova §§ 7, 32 og 33. Kommunen har ingen mynde når det gjeld tomtefestelova.
Ved langsiktige festeavtalar, typisk for bustad/fritidsbustader, vil det være festar som må svare for eigedomsskatten.

Eg har fått krav om å betale eiendomsskatt på en hytte jeg ikke eier, men grunnen er min.

Dette er grunna ein privatrettsleg avtale mellom deg og hytteeigaren. Om det ikkje førligg opplyysingar om kven som eig bygningen, vil den som er grunneigar i utgangspunktet svara for eigedomsskatten.

I Hyllestad kommune har me så langt som det er mogleg prøvd å sende krav om eigedomsskatt til den som faktisk eig hytta.
Ein måte å få avgifta over på hytteeigar på papiret, er ved å tinglyse heimelsovergang på eigedommen. Ein kan og undersøkje om ein kan få skilt ut ein festetomt eller eit punktfeste. Når dette førligg vil eigedomsskatten verte flytta til rett eigar.

Kva for eigedommar får fritak frå eigedomsskatt?

Nokon eigedommar skal ha fritak, desse fylgjer av eigedomsskattelova § 5. Andre eigedommar kan få fritak i medhald av eigedomsskattelova § 7. Det er opp til kommunestyret å bestemme kva for fritak de ynskjer å gi etter paragraf § 7.  Kommunen må likebehandle alle eigedommar i samme kategori.
Privatpersoner kan ikkje få fritak.

Vanlige bustadeigedommar og næringseigedommar vil ikkje få innvilga fritak.
Betalingsvanskar er heller ikke ein grunn som gir rett til fritak for eigedomsskatt.

Kan eg få utført ein eigeen takst (godkjent takstmann) og krevje at den heller skal nyttast?

Nei. Både meklartakst og kommunens eigedomsskattetakst har antatt marknadssverdi som utgangspunkt. Når kommunen, gjennom sakkyndig nemnd har fastsatt takst, har eit overordna mål vore å sikra likebehandling av eigedommane. Dette er eit tilhøve som meklarane ikkje treng å ta hensyn til, blant anna ved at de i mange tilfeller takserar potensialet ved ein eigedom.

Korleis kan eg klaga?

Når du som eigar får tilsendt oversikt over takst og skatt (skatteseddel), har du etter lova ein klagefrist på seks veker. Du har og seks veker klagefrist fra 1. mars når skattelistene vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Skattebeløpet er vedteke av kommunestyret til 7 promille av grunnlaget/taksten.

Om eigar er ueinig i skattegrunnlaget/taksten, må det sendast ein skriftleg klage. Klagen må merkast tydeleg med gards- og bruksnummer, og eventuelt feste- eller seksjonsnummer. Klagen bør innehalde ein forklaring/begrunning på kvifor du meiner taksten ikke er korrekt. All relevant dokumentasjon må leggast ved, for eksempel kopi av nyleg avholdt takst, bileter av særskilte faktorar på eller i bygningar etc. Eigar/klagar må pårekne at det vert gjennomført ny befaring, for å vurdere nye moment, og bør stille seg disponibel for tilrettelegging for dette.

Klage på taksten vil i første omgang gjennomgås administrativt, slik at eventuelle feil kan rettast. Sakkyndig nemnd vurderer så klagene. Vert klaga teken til fylgje, endrast taksten. Om taksten vert oppretthaldenvert klagen oversendt til sakkyndig klagenemnd. Taksten kan då gå opp eller ned, eller den kan oppretthaldast. Avgjerd her er endelig og kan berre overprøvast av domstolane.

Melding om feil eller klage på takst må merkast med gards- og bruksnummer, og sendast til:
E-post:postmottak@hyllestad.kommune.no
Post: Hyllestad kommune v/plan og utvikling, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad

Korleis skal eg betale?

Eigedomsskatten vert krevd inn saman med dei andre kommunale avgiftene. Denne fakturaen må betalast, sjølv om du er ueinig i beløpet eller takseringa, og sender klage til kommunen. Om du får medhald i klage, vil det du har betalt for mykje, bli trekt frå på neste faktura eller tilbakebetalt.

Vil ein forskjellsbehandla bustader og hytter?

Det er ikkje høve til å fastsetta forskjellige skattesatsar for bustad- og fritidseigedommar, og ved tilordning av eventuelt botnfrådrag er det ikkje høve til å ha forskjellige kronebeløp for bustad- og fritidseigedommar.
Ved taksering er det vidare ikkje høve til å legge til grunn ulike prinsipp for bustader og hytter. Men eigedommens takstverdi skal etter lova fastsettast ut frå antatt marknadsverdi ved ein normalsalgssituasjon. Fritidsbustader vert gjerne omsett i ein litt anna marknad enn bustader, og ofte til ein høgare pris. Det får sjølsagt ein betydning ved taksering for eigedomsskatteføremålet ved at fritidseigedommar då ofte får eit noko høgare takstgrunnlag enn bustadeigedommar.

Korleis fungerar redusering, ettergjeving og betalingsutsettjing?

Eigedomsskatt kan redusering heilt eller delvis eller ettergjeve, om det har førekomme spesielletilhøve som vil gjere det svært urimeleg å krevje inn eigedomsskatten, jf eigedomsskattelova § 28:
"Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet."
Etter praksis må skattytaren for eksempel ha fått redusert inntekt på grunn av  sjukdom, ulykke eller liknande og samtidig ikkje ha formue som eigedomsskatten kan betalast med, eller det kan være at eigedommen er skada av brann eller naturkatastrofe.
Skatteytaren har ikkje krav på redusering eller ettergjeving. Dette må avgjerast av formannskapet i det enkelte tilfelle for eitt år av gangen.
Skatteytar kan og søkje om kortvarig utsettjing (og/eller oppdeling) av betaling av utlikna eigedomsskatt, og i sjeldnare høve søke formannskapet om langvarig utsettjing.