Klagehandsaming

Når du som eigar får tilsendt oversikt over takst og skatt (skatteseddel), har du etter lova ein klagefrist på seks veker. Du har og seks veker klagefrist frå 1. mars når skattelistene vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Skattetakst
Skattebeløpet er vedteke av kommunestyret til 7 promille av grunnlaget/taksten for bustad-, fritid- og næringseigedommar samt værk/bruk.

Er du ueinig i skattegrunnlaget?
Om du som eigar er ueinig i skattegrunnlaget/taksten, må det sendast ein skriftleg klage. Klagen må merkast tydeleg med gards- og bruksnummer, og eventuelt feste- eller seksjonsnummer. Klagen bør innehalde ei grunngjeving på kvifor du meiner taksten ikkje er korrekt. All relevant dokumentasjon må leggast ved, for eksempel kopi av nyleg avhalden takst, bileter av særskilde faktorar på eller i bygningar etc. Eigar/klagar må rekne med at det vert gjennomført ny befaring, for å vurdere nye moment, og bør stille seg disponibel for tilrettelegging for dette.

Klage på taksten vil i første omgang gåast gjennom administrativt, slik at eventuelle feil kan rettast. Sakkyndig nemnd vurderer so klagane. Blir klagen tatt til fylgje, vert taksten endra. Om takst vert oppretthalden, vert klagen oversendt sakkyndig klagenemnd. Taksten kan då gå opp eller ned, eller den kan oppretthaldast. Avgjerd her er endeleg og kan berre overprøvast av domstolane.

Frist for søksmål er 6 månader etter at skattevedtaket blei sendt. Alternativt kan du etter endeleg vedtak i klagenemnda, klage til Sivilombudsmannen. Sivilombudsmannen er Stortinget sin ombudmann for den sivile forvaltninga. Sivilombudsmannen skal sikra at kommunar, fylkeskommunar og stat ikke gjer urett mot den einskilde borgar.

Fristen for å klage til Sivilombudsmannen er eitt år frå den endelege avgjeringa i saka blei teken eller frå det tidspunktet då tilhøvet du klagar på, inntraff eller oppstod.

Hvor skal klagen sendes?
Melding om feil eller klage på takst må merkast med gards- og bruksnummer, og sendast til:

E-post:
postmottak@hyllestad.kommune.no
Post:
Hyllestad kommune v/Plan og utvikling, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad