Fritak for eigedomsskatt

Kommunestyret kan med heimel i eigedomsskattelova § 7 frita spesielle eigedomar heilt eller delvis for eigedomsskatt. Dette er årlege vedtak som normalt vert gjort i budsjetthandsaminga. Eigedomsskattelova § 5 gjev nærare informasjon om kva objekt som skal fritakast for eigedomsskatt.

Eigedomar som SKAL ha fritak frå eigedomsskatt.

Jamfør eigedomsskattelova § 5 er det ein del skatteobjekt som skal fritakast for eigedomsskatt. Denne paragrafen har fylgjande ordlyd (sitat):

 " Fri for eigedomsskatt er:
a) Eigedom som staten eig, så langt

eigedomen vert nytta av Kongen eller kongehuset, Stortinget eller Regjeringa
eigedomen vert nytta til kulturelle føremål, slik som idrettsanlegg, musé, teater, skulpturar m.v.
eigedomen har historisk bygg eller anlegg
eigedomen vert nytta av Forsvaret til forsvarsanlegg eller avgrensa leirområde
eigedomen tilhøyrar staten sine samferdselsforetak så langt dei tener ålmennyttige føremål
eigedomen er vassfall, fabrikk eller anna føretak som staten eig og som tener ålmennyttige føremål
b) Eigedom som høyrer til jernvegar til ålmenn bruk, så langt og så lenge eigedomen vert nytta i verksemda. 
c) Kyrkjer. 
d) Eigedomar som kommunen sjølv eig. 
e) Legasjons- og konsulateigedomar som ein annan stat eig, når den andre staten fritek norsk eigedom for tilsvarande skatt hjå seg. 
f) Eigedom som statens lufthamnselskap eig, i same omfang som fritaket for statens eigedom etter bokstav a femte strekpunkt. 
g) Eigedom som helseforetak eig, i same omfang som fritaket for statens eigedom etter bokstav a sjette strekpunkt. 
h) Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk. 
i) Ikkje utbygde delar av Finnmarkseiendommen sin grunn i Finnmark fylke. Dette fritaket gjeld likevel ikkje tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno.

Departementet kan gje nærare regler til utfylling og avgrensing av denne bestemmelsen. "

Finansdepartementet har gjeve nærare reglar om avgrensing av eigedomsskatt på statlege eigedomar i forskrift av 18.11.1992, nr.850.

Spesielt om landbrukseigedomar (§ 5 h): Etter lovendring i juni 2006, skal eigedom som vert drive som gardsbruk eller skogbruk ha obligatorisk fritak. Med eigedom som blir drive som gardsbruk eller skogbruk, vert det meint eigedom som blir halden i hevd ved ein driftsmåte som er i samsvar med det som er vanleg jord- og skogbruksdrift i området, jf Innst. O. nr. 53 (1974-1975). Bustad-/fritidsbygg med tilhøyrande tomt vert ikkje omfatta av unntaket, og skal takserast. Det same gjelder andre bygg eller driftsmidlar som ikkje kan koplast direkte til landbruksveksemda (for eksempel garasjar, naust og liknande).

Eigedomar som KAN fritakast for eigedomsskatt

I høve til eigedomsskattelova § 7 kan kommunestyret vedta å gje eigedomar heilt eller delvis fritak for eigedomskatt. Lovparagrafen har fylgjande ordlyd (sitat):

" Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. 
b) Bygning som har historisk verde. 
c) Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelda i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig. Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommuneloven § 10, kan få fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak. 
d) Bygning og grunn i visse luter av kommunen."

Avgjerder om fritak etter § 7, er årlege vedtak som vert gjort i samband med budsjetthandsaminga for komande år.

Kommunestyret har friteke eigedomar etter §§ 7a og 7b i eigedomsskattelova med utgangspunkt i liste lagt fram frå administrasjonen. Dersom du som heimelshavar meiner at kriteria for heilt eller delvis fritak etter eigedomsskattelova § 5, § 7a eller § 7b er oppfylt, kan du søkja kommunen om fritak innan utgangen av november. Søknaden må grunngjevast.

Søknadsfrist for fritak etter § 7 a og b, skatteåret 2019 er 30.11.2018.