Eigedomsskatt

Eigedomskatt er ein kommunal avgift som vert skrive ut i samsvar med lov om eigedomskatt til kommunane, samt vedtekter godkjend av kommunestyret.

Eigendomskatt vart innført for alle eigendomar i Hyllestad kommune frå 2008. Skattesatsen er på 7 promille for alle skattepliktige eigedommar.

Hovudskattetaksering

Hovudskattetaksering vart utført i 2008, og den gjeld i 10 år.

Ny verdisetting

Dersom ein eigedom i tida mellom to ålmenne takseringar vert delt, når bygningar på eigedomen vert nedrevne eller øydelagde ved brann o.l, når det vert gjordt endringar på bygningar, eller når det vert oppført nye bygningar på eigedomen skal der vere ny verdisetting, dersom det er grunn til å tru at endringa minst vil svare til ei eit verde på 10.000.

Frist for omtaksering

Fristen for å kreve omtaksering er i utgangspunktet 1.november i året før skatteåret.

Om eigedomskatten

Eigedomskatten, promillesats, terminar, fritak etter eigedomskattelova § 7 og utskrivingsområde blir vedteken i kommunestyret kvart år i samband med budsjettbehandlingane.

Klage

Skatteytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan 6 veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen eigedomsskattelista vart utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14. 

Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidligare. Klage vert avgjort av ei nemnd som kommunestyret vel, dersom kommunen ikkje tar klagen til følgje. Medlem i formannskapet kan ikkje vere med i eigedomskattenemnder.

For meir info, sjå § 19-23 i eigedomsskattelova

Eigedomskattelova

Kunngjering

Eigedomsskatteliste med opplysningar om alle skattelagde eigedomane vert lagt ut til offentleg gjennomsyn før den 1.3. og ligg ute i minst 3 veker. Den ligg på kommunen si nettside, og i papirformat i ekspedisjonen på kommunehuset.

 

Publisert av Elin Garnes Solås. Sist endra 10.07.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering