Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

Driveplikt

Det er driveplikt på alt jordbruksareal.
Jordbruksareal omfattar arealklassane fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Driveplikta har heimel i Jordlova av 12.05.1995, § 8  1.ledd, som lyder:
«Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld for heile eigartida. Ny eigar må innan eitt år ta stilling til om han eller ho vil drive eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet etter føresegnene i andre ledd.».
 
Søknad om fritak
Under visse omstende kan ein søkje om fritak frå driveplikta.
Kommunen v/landbruksforvaltninga behandlar søknaden.