Fyrverkeri - oppskyting, oppbevaring og sal

Nyttårsafta er det tillatt å skyte opp fyrverkeri i tidsrommet frå kl 18:00 - 02:00 utan å søkje på førehand. 

Oppskyting utanom nyttårsafta 

Dersom du ønskjer å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsafta, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller skuleball, må du søkje polititet om løyve til dette. 

Avgjerda om å gi løyve er eit vedtak som du kan klage på og skal derfor gjevast skriftleg i brev eller epost. 

 

Politiet stiller som regel vilkår til løyve:

  • Starttidspunktet bør seinast vere kl. 22:45. Det skal vere normal nattero kl. 23:00.
  • Arrangøren skal så langt det let seg gjere kunngjere oppskytinga i nærmiljøet, media (aviser eller radio), slik at ålmenta (dyreeigarar) kan ta sine førehandsreglar.

 

Du må ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeri:

  • Vær- og vindtilhøve
  • Generell brannfare
  • Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar
  • Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr
  • Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar.
  • Dersom ikkje fyrverkeriet går av skal du ikkje prøve å tenne det på nytt, men la det stå i minst 20 minutter og så sette det vekk. Blindgjenarar skal leverast tilbake til utsalsstaden.

 

Japanske og kinesiske lykter

Bruk av japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har ope eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit tovtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast med aktsemd og brannfaren er stor.

 

Oppbevaring av fyrverkeri

Fyrverkeri skal oppbevarast tørt og i romtemperatur. Overskot etter nyttårsafta kan ikkje leverast tilbake til utsalsstad dersom det er heilt og kan brukast. Pass då på god lagring til neste sesong.

 

Sal av fyrverkeri

Alle utsal skal vere godkjent av brannvesenet i god tid før salstidspunktet. Søknaden .... skal leverast skriftleg innan 1.mai i salsåret.

Utsalsstaden skal vere knytt til ein fast butikk, og skal stette krav til lokale for oppbevaring og utsal. Dei ansvarlege skal ha gjennomført kunnskapsprøve frå Norsk Brannvernforening og ha bevis for dette.

Salsperioden er sett til dei to siste ordinære handelsdagane før nyttårsafta.

 

 

 

Publisert av Idar Førde Blom. Sist endra 14.07.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Bjørnar Drøsdal

Brannsjef/arealplanleggar
Telefon : 57789525
E-post :
 
 
Login for redigering