Brannalarm og sløkkeutstyr i bustad og fritidsbustad.

I forskrift om brannførebygging § 7 stillast det frå og med år 2016 like krav om brannalarm og sløkkeutstyr i bustad og fritidsbustad. I denne artikkelen følgjer informasjon om kva krav som gjeld og om anbefalingar.

Lenke til forskrift: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-17-1710

Publisert av Bjørnar Drøsdal. Sist endra 17.08.2017

 

Eigar av byggverket har ansvar for at byggverket er utstyrt med:

  • Brannalarmanlegg eller tilstrekkeleg med røykvarslarar. Det skal være minst ein detektor eller røykvarslar i kvar etasje som skal dekke

     

    kjøkken, stove og sone (gang) utanfor soverom eller tekniske rom. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på soverom og opphaldsrom med lukka dører.

 

  • Minst eit sløkkeutstyr som kan brukast i alle rom. Det kan være ein husbrannslange eller godkjend sløkkeapparat med pulver, skum, eller vatn. Sjå forskriftstekst om krav til dei ulike sløkkeapparata.

 

Eigar har ansvar for at røykvarslar og sløkkeutstyr blir kontrollert og vedlikehalde etter bruksanvisning frå leverandøren slik at dei verker som dei skal. Normalt vil dette omfatte:

  • For røykvarslar anbefalast det funksjonstest kvar månad, bytte av batteri kvart år (røykvarslarens dag 1 desember) og bytte av røykvarslar kvart tiande år. Røykvarslar kan reingjerast med støvsuger og det anbefalast 1-2 gonger i året.

 

  • For sløkkeapparat anbefalast ein enkel eigenkontroll kvar tredje månad, og bytte av sløkkeapparat kvart 5 år for vatn/skum, og kvart 10 år for pulver/gass.

 

Eigenkontroll av sløkkeapparat kan være ein sjekk av: Sløkkeapparat brannvernservice.jpg - Klikk for stort bilete

  • Manometerpila står på grønt
  • Slangen er ikkje morken eller utett
  • Plombering er intakt
  • Pulveret har ikkje klumpa seg (vend apparatet og lytt)
  • Behaldar har ikkje rust eller skade
  • Apparatet er lett tilgjengeleg

 

Brannsjefens tips

Beste plassering til ein røykvarslar er på et flatt tak midt i rommet. Unngå plassering der tak møter vegg og hjørne sidan det der vil være dødluft. Det vil sei at lufta ikkje normalt blir bytta ut, og det vil ta lenger tid før røyk vil nå dette området. Det same gjelder øvst oppe på et skråtak. Sjå bruksanvisning til røykvarslar for meir informasjon om dette.

Røykvarslar på soverom er ikkje eit krav men det kan bidra til å redde liv. Det har vore fleire tilfelle med brann og røyk som følgje av svikt og varmgang i elektrisk utstyr. Særleg gjeld dette mobiltelefonladdar som står på om natta og bærbar datamaskin i senga som er sovna ifrå. Det kan ta for lang tid før røyk når detektor i gangen utanfor.

Seriekopling av røykvarslarar er ein moglegheit som gjer at dersom ein røykvarslar løysast ut så vil alle varsle. Dette er ein klar fordel for tidleg varsling i byggverk med mange rom, fleire etasjar eller med fleire bueiningar (rekkehus, leilegheiter og hyblar).

Sløkkeutstyr bør plasserast synleg og lett tilgjengeleg. I gang utanfor soverom, stove og kjøkken kan være eit godt egna stad.

Gjer deg kjend med sløkkeapparatet ved å ta i det. Du vil dermed lettare hugse plassering ved ein naudsituasjon.

Ikkje bruk vatn som sløkkemiddel på kokande matolje som brenn(i gryte eller frityrkoker). Høg temperatur i olja fører til at vatn utvider seg fort og kaster brennande olje ut av gryta. Sett på lokk, slå av straum/plate og trekk gryta til sida. Olja vil kjøle seg ned etter ei stund.

Refleksklistremerke på vindauge til soverom og lågt på soveromdør mot gang kan være gode hjelpemiddel for brannvesenet til å få oversikt dersom vi må evakuere personer frå ein bygning.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering