Feiing og tilsyn med fyringsanlegg Hyllestad

Alle fyringsanlegg som nyttast til oppvarming av byggverk skal ved behov feiast og førast tilsyn med av kommunen. I Hyllestad kommune er dette lagt til brannvernet med innleigd feiar. Behovet vert bestemt for kvart enkelt fyringsanlegg av blant anna oppvarmingssystem i bustaden og observert sotmengd i røykløp/skorstein. Ein tar utgangspunkt i følgjande frekvensar:

 

  • Bustader - Feiing annakvart år og tilsyn kvart fjerde år

  • Fritidsbustader - Feiing og tilsyn kvart tiande år.

 

Sjå lenke om løysing for feiing og tilsyn på fritidsbustad.

Varsel


Eigar av fritidsbustad blir varsla på sms av tenesta varsling24 i tilstrekkeleg tid før feiaren kjem. Det er då viktig at du står registrert med mobiltelefon-nummer på adressa/eigedomsnummeret til bustaden. Du kan registrere deg på nettstaden: https://varslemeg.no/

Dersom nokon framleis ønskjer varsel per brev kan dette avtalast med feiar.

 

Før feiaren kjem (Huskeliste)

  • Heng lapp på ytterdør dersom de vil informere feiaren om noko.
  • Legge fram stige (for dei med feiing frå tak).
  • Sjekke at tak, stige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket
  • Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det)
  • Stenge luker, ventilar og spjeldHugse å seie i frå til leigebuar
  • Passe på at ikkje noko anna kan være til hinder for feiinga

 

Sikker tilkomst

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for at feiaren har sikker tilkomst til fyringsanlegget. Feiing av røykkanal utførast anten frå tak eller gjennom feieluke på loft. Sjå lenke om krav som feiaren stiller til tilkomst.

Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogeleg.

 

Tilsyn

Eigar eller representant for eigar er tilstade og sørgjer for at alle bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigars representant varsle andre brukarar (leigetakarar). Eventuelt avtale med feiar om plassering av nøkkel.

Tilsynet vil omfatte kontroll av:

  • Eventuelt tidligare avvik eller merknader er fylgt opp og utbetra.
  • Ny eldstad eller vesentlige endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
  • Fyringsanlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.

Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan vere f.eks. monteringsanvisning til omn o.s.v.

Spør om ID kort om du er usikker på vedkommande som kjem på døra.

Feiaren kan under tilsynet ta ein kontroll av brannlarm og sløkkeutstyr. Sjå lenke om krav til brannalarm og sløkkeustyr som stillast for bustad og fritidsbustad.

 

Endring av fyringsanlegget

Oppføring av ny eller rehabilitering av eldre skorstein er søknadspliktig. Sjå lenke: Informasjon om skorstein.

Skifte av eldstaden/omn er ikkje søknadspliktig, men det skal meldast ifrå til kommunen. Det er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk. Du kan sende inn følgjande skjema: Skjema - melding om ny eldstad

Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er naudsynt.

Publisert av Idar Førde Blom. Sist endra 17.08.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Morten Flateraas

Feiar
Telefon : 90 61 20 52
E-post :

Catinka Borgarp

Sækreter
Telefon : 57789535
E-post :
 
 
Login for redigering