Finn viktig informasjon om:

 

Veg og trafikktrygging

Drift og vedlikehald (DV) har m.a.  ansvar for vedlikehald av kommunale vegar. Dagleg vedlikehald vert utført av DV, men til større jobbar vert private entreprenørar brukt.

Mange km. med kommunal veg!

Kommunen har over 75 km. med kommunale vegar. Dette er mange km. veg i forhold til innbyggartalet. Etter at asfaltering har vore prioritert både i 2020 og 2021, så er andelen grusvegar redusert frå ca. 60 % til ca. 40 %. I tillegg er ca. 15 km. blitt reasfaltert. Dette har heva standarden på kommunale vegar mykje, og gjer det lettare å nå rundt med dagleg vedlikehald. Plan for vegvedlikehald 2020 - 2023 (PDF, 1007 kB) seier meir om mål og tiltak.

Brøyting

Det kommunale vegnettet er inndelt i 5 brøyteroder. For sesongen 21/22 og 22/23 er det gjort brøyteavtalar med følgjande entreprenørar:

Rode Sørbøvåg og Skifjord: Bjørge Ulvik

Rode Hyllestad: Hyllestad kommune

Rode Skor: Åm Bygdeservice

Rode Leirvik: Arnt Inge Hjelmeland

Vegmeldingar

Har du "vegmeldingar" for kommunale vegar, eller spørsmål om brøyting/strøing, så ta kontakt med DV- leiar Hatlebrekke mellom klokka 07.30 og 15.00, eller vakttelefon 90076320 etter arbeidstid i vekedagar og 90147910 i helg.

 

Fylkeskommunale vegar

Det hender at kommunen vert kontakta med vegmeldingar som gjeld fylkesvegar. Vestland fylkeskommune vil ha slike meldingar inn via vegtrafikksentralen på tlf. nr. 175. 

Du finn meir informasjon om drift- og vedlikehald av fylkeskommunale vegar på nettsidene deira, og dersom du treng informasjon om vegnamn/eigar, så finn du det best på www.vegkart.no.

 

Trafikktrygging

Hyllestad kommune har som mål å bli ein trafikksikker kommune. Dette er ei godkjenningsordning som byggjer på eit systematisk, målbevisst og samordna arbeid med trafikktryggleik. Dette krev at alle dei kommunale etatane tek sin del av arbeidet og innfrir kriteria for sitt område. Til dømes så skal trafikktryggleik og trafikkopplæring vere eit årleg tema på foreldremøte i barnehage og skule.  Du kan lese om dette på www.trafikksikkerkommune.no. 

I tillegg til å ha fokus på trafikkopplæring, så er det laga eit handlingsplan for å utbetre fysiske tiltak. Denne skal rullerast årleg, der nye tiltak eit stykke ned på lista kan prioriterast opp og nye tiltak kan rullerast inn. Oversikt over alle tiltaka finn du i trafiktryggingsplanen (PDF, 1007 kB).

Eventuelle nye tryggingstiltak bør aller helst meldast inn til kommunen via eit av grendalaga eller FAU i barnehage/skule, men du kan også melde inn som privatperson.

Send til postmottak@hyllestad.kommune.no Beskriv tiltaket og grunngje kvifor det bør prioriterast. Frist for å melde inn tiltak er 15. september kvart år. 

Kåre Olav Hatlebrekke
Leiar Drift- og vedlikehald
E-post
Mobil 913 56 149
Gjermund Flage
Ass. kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 932 18 780