Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Rydd og vinn

Mange frivillige gjer ein kjempejobb med å rydda plast og anna søppel langs kysten.

Klikk for stort bilete

Strandrydding med kystlotteriet: absolutt alle kan bidra.


Kystlotteriet foregår i mange kommunar i perioda mai-oktober. Alle som bidreg er med i trekninga av ein rekke fine premiar. Du kan blant anna vinne pengepremiar og spanande opplevingar.

Kystlotteriet skal motivera folk til å rydda søppel i skjærgården ved hjelp av premiering. For deltaking i kystlotteriet, nyttast eigne sekkar. Kjernetida for lotteriet er frå 1.april til 1.november.

Sekkar og lodd får ein tak i ved sentralbordet på kommunehuset, måndag til fredag frå kl 09.00 - 14.00. Fylde sekkar med utfylde lodd må leverast på gjenvinningsstasjonen, Stuardalen på onsdagar mellom kl 12.00 - 18.00. Sekkar og lodd kan også hentast her. Når du har samla marint søppel i kystlotteriets sekkar, lukk sekken godt og fyll inn kontaktinformasjon før du leverar sekken.

For meir informasjon: www.kystlotteriet.no