Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

Adressering

Hyllestad kommune har starta eit interkommunalt adresseringssamarbeid med dei andre HAFS-kommunane Askvoll, Fjaler og Solund. Me har fått inn æresmedlem i geoforum, Torbjørn Trageton som prosjektleiar. Torbjørn har tidlegare vore oppmålingsjef i Bergen kommune og prosjektleiar for adresseringa av Nordhordaland og Gulen.

Arbeidet starta våren 2015 der det vart laga lokale adresseforskrift, som var på høyring  i perioden 18.06.15 – 10.07.15. Den vart vidare vedtatt av formannskapet og i kommunestyret den 02.10.15. (Sjå her).

Vidare har det blitt laga ein adresseplan med parselloversikt (vegstrekningsoversikt) over heile kommunen, og denne planen var på høyring i perioden 09. oktober til 01.november. Planen blei revidert i høve til dei merknadane som kom inn, før han vart vedtatt den 27.11.15. (Sjå her)

Med adresseplanen på plass i slutten av 2015, så starta adressenamnsettinga i kommunen. Det er namnet på parsellen som avgjer kva adresse ein får. Namna vart utarbeid av administrasjonen, før dei gjekk til endeleg revidering av den kommunalt valde namnenemnda. I den påfølgande perioden var namna på høyring ifrå 05.04.16 til 25.04.16. Namna blei revidert i høve til dei merknandane som kom inn, før han gjekk til endeleg handsaming i formannskapet den 16.06.16. (Sjå her)

 

Meir info kjem etter kvart som prosjektet pågår.