Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Løysninger for å få gjennomførd feiing og tilsyn på hytte/ fritidseigendom.

Klikk for stort bilete1. Gøyme nøkkel på ein stad og gje feiiaren beskjed.

2. Ha avtale med ein nabo som er fastbuande

3. I eit hyttefelt, ha ein kontaktperson som har tilgang til dei andre.

4. Er det elektronisk lås, send ein kode til feiaren.

Hugs at feiaren skal ha tilgang til fyringsanlegget ( ovn og skorstein ) og at det bør vere mogleg å ta ut sot etter feiinga.

Feiaren har med stege på Ca 3,5 meter. Er det naudsynt med lenger stige for å komme opp på tak må dette skaffas.

Behovet for taktrinn og takstege vil verte vurdert på kvar enkelt objekt.

Det vert lagt igjen ein rapport over tilstand på omn og skorstein. Der vil det og stå om det krevs trinn eller takstege.

Er det vanskelig å få gjennomførd feiing og tilsyn på det oppsatte tidspunkt, ta kontakt med feiaren på 48151160 eller Hyllestad kommune på 57789500.