Fråvære, permisjon og vitnemål

Etter lova har born og unge i Noreg "plikt til grunnskuleopplæring og rett til ei offentleg grunnskuleopplæring".

Ved permisjonar og fråvær som "eleven eller føresette sjølv er skuld i", fråskriv eleven eller føresette (på eleven sine vegne), seg retten til offentleg grunnskuleopplæring for ein periode tilsvarande lengda av fråværet. Føresette overtek ansvaret for elevane si opplæringa i perioden.

Slik gjer vi det

  • Kontaktlærar kan gi fri 1 skuledag.
  • Skuleleiinga kan gi fri i 2 dagar.
  • For permisjonar utover 2 dagar nyttast eige søknadsskjema (DOC, 44 kB).

 

Elevpermisjonar 

Hyllestad skule har forståing for at føresette kan sjå det som ynskjeleg, og til tider naudsynt, å søkje permisjon frå pliktig opplæring i grunnskulen for sine born. Vi ber likevel om at de viser måtehald når det gjeld å ta barn ut av skulen. Kunnskapsløftet og skulen sine planar inneheld eit omfattande lærestoff.

 

Fråvær og vitnemål

For inntil 10 skuledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:

a) Dokumentert fråvær som skuldast helsegrunnar.

b) Innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

 

For at fråvær som skuldast helsegrunnar etter bokstav a) ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skuldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a) på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.  Ved søknad om å få stryke dagar, skal ein nytte eige søknadsskjema. (PDF, 52 kB)

 

Krav og forventningar

Dersom eleven skal ha permisjon er det viktig å understreke at dette ikkje skal føre til meirarbeid for lærararne. At føresette overtek opplæringsansvaret inneber at føresette skal syte for at eleven er a`jour og kan fylgje med i vanleg undervisning etter at permisjonstida er ute.

Alt fråvær vert rekna som teljande fråvær. Ved eit avslag vert fråværet med på vitnemålet.

Publisert av Kristin Eimind. Sist endra 16.06.2015 20:46 av Solås, Elin Garnes
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Hyllestad skule

6957 Hyllestad
Telefon : 577 89 550 eller 577 89 551
E-post :
Hildegunn Hatlem

Hildegunn Hatlem

Rektor
Telefon : 577 89 554
E-post :
Kristin Eimind

Kristin Eimind

Assisterande rektor
Telefon : 577 89 553
E-post :
 
 
Login for redigering