Hyllestad skule

Hyllestad skule ligg i kommunesenteret Hyllestad. Skulen er omgitt av vakker natur og har utsikt direkte til det vakre fjellet Lihesten.  

Kart
Hyllestad

 

 

 

 

Publisert av Kristin Eimind. Sist endra 23.06.2016 av Kristin Eimind

Om skulen

Skuleåret 2016-17 har skulen ca. 160 elevar fordelt på 1.-10.trinn. Skulen har eit hovudbygg der ein finn alle klassebasane. I tillegg har vi eit bygg ved sida av der ein finn gymsal. Her er og ein klatrevegg. Symjebassenget er for tida stengt og vi leiger lokaler i Lavik til symjeopplæringa. Skulen har elles eit romsleg uteareal. Her finn du stor idrettsbane med kunstgrasdekke, sandvolleyballbane, klatrepark og akebakke for å nemne noko. Skuledagen startar kl. 08.45 og sluttar kl. 14.30. Litt nytt for skuleåret 2016-2017 er at vi skal innføre 30 min fysisk aktivitet for dag. I tillegg skal 5. klasse byrje å gå 5 fulle dagar grunna at ein er pålagt å auke undervisninga med 1 time naturfag på mellomsteget. 

Utsikt frå skulen sitt område.png - Klikk for stort bilete

 

Vår visjon: Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik!

 

Læringsmiljø

 

Skulen legg vekt på å skape eit triveleg og godt læringsmiljø både inne og ute. Vi har fokus på klasseleiing, og vektlegg læring gjennom praktisk arbeid, både i, og utanfor klasserommet.

Vi har også alternative læringsarenaer, mest kjent er Kvernsteinsparken. Det er bl.a. elevar som har valt valfaget "levande kulturarv" som vert å finne i parken.

Undersøkingar og statistikk syner at elevane sitt læringsutbytte er godt, og at trivselen ved skulen er bra.

Skulen brukar læringsplattforma its-learning. Alle tilsette, elevar og føresette har eigne brukarnamn og passord.

Vi tilbyr leksehjelp for elevane i 6. -9. kl. to timar for veka.

Ta kontakt med skulen på tlf.nr. 57789550, evt. direkte til rektor Hildegunn Hatlem på tlf. 57789554 eller assisterande rektor Kristin Eimind på tlf. 57789553.

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Hyllestad skule

6957 Hyllestad
Telefon : 577 89 550 eller 577 89 551
E-post :
Hildegunn Hatlem

Hildegunn Hatlem

Rektor
Telefon : 577 89 554
E-post :
Kristin Eimind

Kristin Eimind

Assisterande rektor
Telefon : 577 89 553
E-post :
 
 
Login for redigering