Heimehjelp

Heimehjelp (praktisk bistand) er eit tilbod til deg som grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker treng praktisk hjelp for å klare dei daglege gjeremåla i heimen.

 

 

Heimehjelp kan omfatte til dømes nødvendig reingjering av rom som dagleg er i bruk, skifte av sengklede, oppvask, stell og vask av klede, handle matvarer. Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål, kan du søkje om heimehjelp. 

Ei vanleg tildelig er 1,5 time annakvar veke, eventuelt i kombinasjon med matombringing og tenester frå heimesjukepleien.

 

Eigenbetaling

 

Kommunestyret fastset årleg betalingsgebyr for tenestene, per no er desse:

Betalingsgebyr heimehjelp
Betalingsgebyr heimehjelp
Allmenn inntektAbonnement 2015Merknader
Inntil 2 G kr 170490,-Kr 186,-Dei som mottek hjelp ytt etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, som ikkje gjeld eldreomsorg, betaler kr 186,-. Sats for abonnement inntil 2 G blir regulert av statleg forskrift.
Frå 2 G til 3 G, inntil kr 255.735,-Kr 1.032,-Dei som mottek hjelp ytt etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, som ikkje gjeld eldreomsorg, betaler kr 172,- per time, til og med 5 timar per måand. Frå og med 6 timar per månad gjeld abonnement.
Frå 3 G til 4 G, inntil kr 340.980,-Kr 1.520,-Dei som mottek hjelp ytt etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, som ikkje gjeld eldreomsorg, betaler kr 190,- per time til og med 7 timar per månad. Frå og med 8 timar per månad gjeld abonnement.
Frå 4 G til 5 G, inntil kr 426.225,-Kr 2.090,-Dei som mottek hjelp ytt etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, som ikkje gjeld eldreomsorg, betaler kr 209,- per time til og med 9 timar per månad. Frå og med 10 timar per månad gjeld abonnement.
Over 6 G, over kr 426.255,-Kr 2.508,-Dei som mottek hjelp ytt etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, som ikkje gjeld eldreomsorg, betaler kr 228,- per time til og med 10 timar per månad. Frå og med 11 timar per månad gjeld abonnement.

G=Grunnbeløpet i folketrygda.

Per 1.5.2014 er grunnbeløpet kr 88.370,-. Beløpet vert regulert årleg per 1. mai.

 

 

Korleis søkje?

Du må søkje skriftleg om heimetenester.  Søknadskjema finn du her, eller du kan ringe til Hyllestad omsorgsenter Eiklund på telefon 57789600 og be om å få tilsendt søknadskjema. 

 

Søknaden sender du til Hyllestad kommune, Hyllestad omsorgsenter Eiklund, 6958 Sørbøvåg.

 

Har du spørsmål til tenesta eller det å søkje, ta gjerne kontakt med leiar for heimetenestene Målfrid Sognnes på telefon 57789600.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Hyllestad omsorgsenter  Eiklund

Hyllestad omsorgsenter Eiklund

Telefon : 57789600
E-post :

Målfrid Sognnes

Leiar heimetenestene
Telefon : 577 89 605
E-post :
 
 
Login for redigering