BPA/omsorgsløn/individuell plan

 

BPA = Brukarstyrt personleg assistent

For meir informasjon om ordninga, føl denne linken til Helsedirektoratet.

 

Omsorgsløn

Ordninga med omsorgsløn skal bidra til best mogleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og å gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet.

Kven kan søkje?

  • Personar som har omfattande eller tyngande omsorgsarbeid av varig karakter.
  • Foreldre med born under 18 år der omsorgsarbeidet går ut over normal omsorgsplikt.
  • Den som søkjer om omsorgsløn har søkt om hjelpestønad.
  • Den omsorgstrengande er heilt avhengig av hjelp for å klare dagleglivets gjeremål.

Omsorgsløn kan kombinerast med andre kommunale tenester.  Ingen har rettskrav på omsorgsløn, og tiltaket må vurderast opp mot andre tenestetilbod og det totale omsorgsbehovet i kommunen.

 

Individuell plan

Fysioterapeut Sirpa Markkanen er koordinerande eining i kommunen. 

For meir informasjon om omsorgsløn, føl denne linken til helsenorge.no.

 

Korleis søkje?

Du må søkje skriftleg om teneste.  Søknadskjema finn du her, eller du kan ringe til Hyllestad omsorgsenter Eiklund på telefon 577 89 600 og be om å få tilsendt skjema.

Søknaden sender du til Hyllestad kommune, Hyllestad omsorgsenter Eiklund, 6958 Sørbøvåg.

 

Har du spørsmål til tenesta eller det å søkje, ta gjerne kontakt med leiar for heimetenestene Målfrid Sognnes på telefon 577 89 600.

Kontakt

Eiklund sjukeheim

Eiklund sjukeheim

Omsorgstenestene
Telefon : 57789600
E-post :

Målfrid Sognnes

Leiar heimetenestene
Telefon : 577 89 605
E-post :

Sirpa Markkanen

Fysioterapeut
Telefon : 577 89 600
E-post :