Støtteordningar:
- Investeringstilskot: tilskot til investering i bygg, maskiner og utstyr
- Bedriftsutviklingstilskot: tilskot til utviklingskostnader, både ved etablering og utvikling av verksemd
- Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur: tilskot til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar.
- Arrangementstøtte: tilskot til arrangement som har som mål å marknadsføre og utvikle kommunen.
Støtte frå fondet vert gjeve som tilskot.
Søknader til næringsfondet vert løpande behandla gjennom året.
Regionalforvalting.no
Alle søknader skal leverast elektronisk på nettsida www.regionalforvaltning.no Godt gjennomarbeidde søknader oppnår det raskaste og beste resultatet.
Dersom det er første gongen du søkjer Næringsfondet må du først registrere bedrifta, organisasjonen eller deg sjølv. Dette gjer du i menyen til venstre på Regionalforvaltninga si heimeside. Etter du har logga inn, klikka på "Ny søknad" og valt fylke, skal du velje støtteordning. Her vel du "Kommunalt Næringsfond Hyllestad"
Kontaktinformasjon for næringsfondet
Ta gjerne kontakt med oss før du sender søknaden din.
Kontaktperson:
Laila Johannessen, e-post: laila@emal.no. Mobil 95 22 48 46