Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider. Bestilling av koronavaksine

 

Kommunale Næringsfond

Kommunale næringsfond blir kunngjord på regionalforvaltning.no Og det er der ein opprettar og leverer søknad.

Retningsgjevande for bruk av fondet er  kommunen sine mål, strategiar og prioriterte tiltak for det langsiktige arbeidet med næringsutvikling slik det er vedteke i kommuneplanen sin samfunnsdel og årleg handlingsplan.

Forutan retningsliner gitt av fylkeskommunen, vil forskrift for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel frå KMD og retningsliner for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel frå KMD, og det til ei kvar tid gjeldande økonomireglementet for staten, gjelde for tildeling, bruk og forvaltning av kommunale næringsfond.

Føremål med kommunale næringsfond

Næringsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i regionen. Dette skal skje gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv og ved etablering av nye verksemder i regionen.

 

Vedtekter Næringsfondet  (PDF, 2 MB)

 

 

Hyllestadfondet

Med bakgrunn i at Hyllestad kommune har motteke betydelege midlar frå det nasjonale Havbruksfondet, ble det gjort vedtak i Hyllestad kommunestyre at nokre av desse pengane skulle kome næringslivsarbeidet til gode og ein oppretta «Hyllestadfondet»                               

Føremål med Hyllestadfondet

Hyllestadfondet er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i Hyllestad. Fondet erstattar ikkje det ordinære kommunale næringsfond, som innehar eigne vedtekter og som vert finansiert over regionale utviklingsmidlar, men utgjer eit tillegg og eit alternativ til dette. Skulle det mangle økonomiske midlar i det kommunale næringsfondet, eller at søknad fell utanom næringsfondet sitt formål og rammar i h.h.t. vedtekter, kan søknaden bli teken handsaming i Hyllestadfondet.

 

Vedtekter Hyllestadfondet (PDF, 362 kB)

Søknad Hyllestadfondet (DOCX, 17 kB)

 

                                                                                                                        

Konsesjonsfondet 

Konsesjonsfondet i Hyllestad kommune er eit kommunalt fond som får årleg tildeling frå energiselskapet.

Føremål med Konsesjonsfondet

Konsesjonsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet med å styrke næringsliv, busetting og organisasjonsliv i Hyllestad kommune.

Fondet kan nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og til vidare utvikling av eksisterande verksemder.  Fondet kan òg nyttast til infrastrukturtiltak, kulturføremål, tilrettelegging av kommunale næringsareal, fellesanlegg, investeringar i fysiske miljø og vassforsyning til den faste busetnaden, samt prosjekt som bidreg til å betre sysselsettinga for kvinner og ungdom.

Fondet kan òg nyttast til utgreiings- og tilretteleggingstiltak i regi av offentleg myndigheit, organisasjonar eller andre samarbeidsgrupper, med mål å auke kunnskapen om utviklinga i eit distrikt, ein bransje eller i form av opplærings-, omstillings-, mobiliserings- og områderetta bygdeutviklingsprosjekt.

Fondsmidlar kan ikkje nyttast til tradisjonell bruksutbygging i landbruket.

Det kan ikkje gjevast støtte frå fondet til gjeldssanering, driftstilskot til verksemder eller til ordinære kommunale oppgåver som til dømes avløning av tiltakskonsulent.  Det kan heller ikkje gjevast støtte frå fondet til verksemder som mottar omfattande overføringar over offentlege budsjett, unnateke her er verna verksemder.

Søknad til fondet kan ein sende til postmottak@hyllestad.kommune.no

 

Vedtekter Konsesjonsfondet (PDF, 14 kB)