Næringsfond

Næringsfonda skal vere verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i regionen. Dette skal skje gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv og ved etablering av nye verksemder i regionen.

Kommunale næringsfond

Retningsgjevande for tildelingar frå fondet er kommunen sine mål, strategiar og prioriterte tiltak for det langsiktige arbeidet med næringsutvikling, slik det er vedteke i kommuneplanen sin samfunnsdel og årleg handlingsplan.

Forutan retningsliner gitt av fylkeskommunen, vil forskrift for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel frå KMD og retningsliner for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel frå KMD, og det til ei kvar tid gjeldande økonomireglementet for staten, gjelde for tildeling, bruk og forvaltning av kommunale næringsfond.

Kommunale næringsfond vert kunngjort på Regionalforvaltning.no.

Hyllestadfondet

Med bakgrunn i at Hyllestad kommune har motteke betydelege midlar frå det nasjonale Havbruksfondet, ble det gjort vedtak i Hyllestad kommunestyre at nokre av desse pengane skulle komme næringslivsarbeidet til gode og ein oppretta «Hyllestadfondet».                            

Hyllestadfondet er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i Hyllestad. Fondet erstattar ikkje det ordinære kommunale næringsfond, som innehar eigne vedtekter og som vert finansiert over regionale utviklingsmidlar, men utgjer eit tillegg og eit alternativ til dette. Skulle det mangle økonomiske midlar i det kommunale næringsfondet, eller at søknad fell utanom næringsfondet sitt formål og rammar i h.h.t. vedtekter, kan søknaden bli teken handsaming i Hyllestadfondet.

Vedtekter for Hyllestadfondet (PDF, 351 kB)

Konsesjonsfondet

Konsesjonsfondet i Hyllestad kommune er eit kommunalt fond som får årleg tildeling frå energiselskapet.

Konsesjonsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet med å styrke næringsliv, busetting og organisasjonsliv i Hyllestad kommune. Fondet kan nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og til vidare utvikling av eksisterande verksemder.  Fondet kan òg nyttast til infrastrukturtiltak, kulturføremål, tilrettelegging av kommunale næringsareal, fellesanlegg, investeringar i fysiske miljø og vassforsyning til den faste busetnaden, samt prosjekt som bidreg til å betre sysselsettinga for kvinner og ungdom.

Fondet kan òg nyttast til utgreiings- og tilretteleggingstiltak i regi av offentleg myndigheit, organisasjonar eller andre samarbeidsgrupper, med mål å auke kunnskapen om utviklinga i eit distrikt, ein bransje eller i form av opplærings-, omstillings-, mobiliserings- og områderetta bygdeutviklingsprosjekt.

Fondsmidlar kan ikkje nyttast til tradisjonell bruksutbygging i landbruket.

Det kan ikkje gjevast støtte frå fondet til gjeldssanering, driftstilskot til verksemder eller til ordinære kommunale oppgåver som til dømes avløning av tiltakskonsulent.  Det kan heller ikkje gjevast støtte frå fondet til verksemder som mottar omfattande overføringar over offentlege budsjett, unnateke her er verna verksemder.

Du sender søknad om tilskot via kommunen sitt postmottak på e-post eller til 
Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad

Vedtekter for konsesjonsfondet (PDF, 9 kB)

Laila Johannessen
Næringskoordinator
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Mobil 95 22 48 46