Spelemidlar (tippemidlar) er den støste finansieringskjelda for utvikling av anlegg for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og bygging av kulturbygg. I tillegg til spelemidlar så det ei rekkje andre tilskotsordningar retta mot frivillig arbeid gjennom lag- og organisasjonar, sjå snarvegar i høgremargen.
Det er kulturavdelinga i kommunen som administrerer søknader for ordningane om spelemidlar. Ta kontakt for å få oppretta anleggsnummer til dykkar prosjekt. Det må vere på plass før det er muleg å søkje om spelemidlar.
Spelemidlar til anlegg:
Fylkeskommunen forvaltar og fordeler spelemidlar frå Kulturdepartementet til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane. Regional plan for kultur 2019 - 2027 har føringar for kommunane i Sogn og Fjordane.
Det er eit krav at anlegg skal vere prioritert i kommunen sitt handlingsprogram for anlegg. Denne er under revisjon i 2020, men alle innspel og søknader som kjem inn innan fristen 01.10. vert tekne med og vurdert.
Kommunane sin anleggspolitkk vert styrt av nasjonale- og regionale føringar. Derfor er det lurt å setje seg inn i regjeringa sin anleggspolitikk og Vestland Fylke sin anleggspolitikk.
Søkadsskjema og rettleiing for utfylling av desse finn du på www.anleggsregisteret.no
Søknadsfrist til kommunen er 01.10.
Spelemidlar til Kulturbygg:
Informasjon om ordninga og retningsliner for søknad finn ein på Vestland Fylke si side om kulturutvikling.
For å kunne søkje om kulturbyggmidlar så må tiltaket først meldast inn til kulturavdelinga i Hyllestad, og det må opprettast eit anleggsnr. på tiltaket.
Etter at tiltaket har fått eit anleggsnr. skal søknader utformast og leverast elektronisk via anleggsregisteret.
Søknadsfrist til kommunen er 01.03. kvart år.