Tilskotsmidlar

Klatreparken er eit av anlegga som har fått spelemidlar. - Klikk for stort bileteKlatreparken er eit av anlegga som har fått spelemidlar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Spelemidlar (tippemidlar) er den støste finansieringskjelda for utvikling av anlegg for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og bygging av kulturbygg. I tillegg til spelemidlar finnest det ei rekkje andre tilskotsordningar.

Nedanfor er det informasjon om ordninga med spelemidlar og til nokre av dei andre tilskotskjeldene.

Spelemidlar til anlegg:

Fylkeskommunen forvaltar og fordeler spelemidlar frå Kulturdepartementet til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane. Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 - 2017 har føringar for kommunane i Sogn og Fjordane.

Det er eit krav at anlegg skal vere prioritert i kommunen sitt handlingsprogram for anlegg, som er ein del av Hyllestad sin kommunedelplan "For fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 - 2019".

Vi oppmodar alle som har tenkt å søkje om å delta på Fylkeskommunen sit spelemiddelkurs. Det er svært viktig at alle formelle krav til søknad og vedlegg vert imøtekomne. Deltaking på spelemiddelkurs gjer søkjar tryggare i denne prosessen og det er større sjanse for at søknaden blir godkjent.

Søkadsskjema og rettleiing for utfylling av desse finn du på Kulturdepartementet sine sider for spelemiddelsøknader og anleggssøk, www.idrettsanlegg.no.

Søknadsfrist til kommunen er 01.10.

 

Spelemidlar til Kulturbygg:

Informasjon om ordninga og retningsliner for søknad finn ein på Sogn og Fjordane Fylkeskommune sine nettsider om kulturbygg.

For å kunne søkje så må tiltaket meldast inn til kulturavdelinga i kommunen, og det må opprettast eit anleggsnr. på tiltaket.

Søknader skal leverast elektronisk via www.idrettsanlegg.no

Søknadsfrist til kommunen er 15.02.

 

Andre mogelege kjelder:

http://legatsiden.no/ (samleside)

https://unifor.no/ (samleside)

www.frifond.no (teater, musikk, dans m.m.)

http://www.sparebankstiftinga.no/

http://www.gjensidigestiftelsen.no/

Sist endra 14.02.2018 av Sigrid Solberg

Kontakt

Gjermund Flage

Gjermund Flage

Oppvekstsjef
Telefon : 57789546/93218780
E-post :