Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Treningssenteret ope frå måndag 22.06.20

Klikk for stort bileteDei som brukar treningssenteret skal rette seg etter råda i smittevernrettleiaren. Senteret vil bli reingjort kvar morgon i vekedagane, men det er svært viktig at alle er flinke til å reingjere apparata fortløpande etter bruk. Bruk antibac og papir. Antibac blir etterfylt, ikkje spar på den!

Spinning er definert som høgintensitetsaktivitet, det betyr at berre annankvar sykkel kan nyttast. Maks personar vert då redusert frå 11 til 7. I treningssenteret er det avstandsreglane som gjeld, ta omsyn til kvarandre!

 

Alle treningskort har vore "fryst" i nedstenginga. Årskort vert opna opp frå den 22.06., medan dei med kortare periodar må gi beskjed til Kari om kor tid dei ønskjer at kortet skal bli aktivert.

God trening!

Kari Elin Virkesdal
Sekretær
Telefon 57 78 95 51