Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Skjerpa koronarutinar ved treningssenteret - f.o.m. 12.11.20

For at vi skal greie å halde treningssenteret ope framover, så innfører vi følgjande tiltak:

  • samtidige brukarar er maksimalt 7. Dette for at avstandskrava skal kunne haldast.

Så presiserer vi at:

  • apparat og utstyr skal gjerast reine etter bruk!
  • alle må vere flinke med håndhygiene, vask hendene ofte!
  • alle skal låse seg inn med si nøkkelbrikke! Det er ikkje lov å gå inn fleire i lag. Denne regelen må overhaldast for at vi skal kunne gjennomføre smittesporing.

Til slutt informerer vi om at Hyllestad kommune:

  • set inn ekstra reinhald
  • vil gjennomføre tilsyn
  • vil informere om smittevernreglar, og reglar for treningssenteret på fleire språk.

Med desse innskjerpingane og presiseringane, så vonar vi at folk skal kjenne seg trygge på treningssenteret, og at vi skal kunne halde det ope, trass aukande smitte i landet.

God trening!

Gjermund Flage
Ass. kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 932 18 780