Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Parkering ved Hyllestadhallen

Klikk for stort bileteKommunen har fått tilbakemelding om at det blir parkert i "hytt og pine" rundt Hyllestadhallen/skulen på kveldstid, og det blir fortalt om fleire nestenulykker. Dette må vi gjere noko med.

Generelt så skjer mange av trafikkulykkene i tilknyting til parkering. Trygg Trafikk kjem med eit klart råd om å rygge inn i parkeringslomma og ha "nasa" ut. Dette rådet bør alle ta til seg.

Men, for å redusere faren for et trafikkulykke ved skulen/hallen, så har HK. gjennomført ROS analyse, der ein kom fram til følgjande tiltak:

  1. Hyllestad kommune innfører forbod mot parkering på nedsida av Hyllestadhallen
  2. kommunen presiserer at parkering ved skulen berre er lov etter kl. 16.00 (gult felt)
  3. det er IKKJE lov å parkere i nokre av vegane, verken på oppsida av hallen, framfor, på nedsida og heller ikkje på busshaldeplassen (punkt 1-3 gjeld frå 07.01.21)
  4. det blir montert meir utelys slik at heile området blir betre opplyst (i løpet av januar).
  5. det blir sett opp trafikkskilt i begge oppkøyrsla og det vil bli markert med skilt kvar HC- parkeringa skal vere (i løpet av februar/mars).
  6. på litt lengre sikt så vil vi prøve å få til ny oppkøyrsle på nedsida av hallen, og då kan det bli muleg å få til parkering for ein del bilar der (i løpet av 2021 eller 2022).

Parkering har ikkje vore ein del av hallprosjektet. Det vart tidleg bestemt at parkeringsplassane ved kommunehuset skulle nyttast, eventuelt dei ved idrettsbana!

Det er krav om  to parkeringsplassar for rørslehemma ved hallen, og desse var i prosjektet tenkt på sida av hovudinngangen. Men, fordi takoverbygget vart utvida, så vart hc- parkeringa flytta til nedsida av hallen. Vi erfarer at den løysinga ikkje er optimal, og vi vurderer ei mellombels løysing inntil punkt 6 er gjennomført.

Gjermund Flage
Ass. kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 932 18 780