Treningstider i Hyllestadhallen

Etter ein laaang prosess er det no berre få veker att før vi kan ta Hyllestadhallen i bruk. Etter planen skal den vere klar til skulestart den 19. august, så no er det på tide å bestille treningstider :) 

Klikk for stort bilete

Bestilling gjer de ved å fylle ut dette skjemaet.

Kjernetid for utleige er mellom kl. 17.00 og 22.00 alle kvardagar, men det er muleg med treningstider frå kl. 15.00. Vi gjennomfører ei samordna tildeling for bestillingar som har kome inn før den 20.06.

Vi ønskjer også å lage ei oversikt over faste aktivitetar både i Hyllestadhallen, idrettsanlegget og skytebana. Denne oversikta er vi igang med, og vi vil prøve å oppdatere den etter kvart som vi får inn meir informasjon om aktivitetar. De finn oversikta her.

Prisar fastsett for 2019:

Klikk for stort bilete

Har de spørsmål så ta kontakt.

Kontakt

Sigrid Solberg

Sigrid Solberg

Biblioteksjef/kulturkonsulent
Telefon : 57789541
E-post :
 Gjermund Flage

Gjermund Flage

Ass. rådmann
Telefon : 57789546
E-post :