Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Bileta syner nokre av tiltaka som er gjennomført dei siste åra. Målsetjingane i plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019 kan eit godt stykke på veg kryssast av. Det er grunn til å vere stolt over utviklinga i planperioden. Hyllestadhallen er realisert, dagsturhytta har sett friluftsliv meir på kartet og idrettsanlegget har fått eit løft med ny løpebane. Det viktigaste er likevel at folk er aktive. Vårt inntrykk er at spesielt friluftslivet har ein auke, men det er også svært gledeleg å sjå at både born, vaksne og eldre nyttar vår nye storstove til fysisk aktivitet og sosialt samvær.

I februar/mars startar arbeidet med revisjon av gjeldande plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Planprogrammet vart lagt ut på høyring fredag den 18.12.20 med frist 29.01.21 for innspel. Målet å få til ein god prosess, der mange vert involvert og å vedta ny revidert plan seinhaustes 2021.

 

Hovudområde i gjeldande plan:

 

Vi ønskjer at innbyggarane skal ha gode levekår, og at dei skal ha ei positiv oppleving av eige liv og helse. Fysisk aktivitet bidreg til dette, og vi er opptekne av at det gjeld alle innbyggjarane.  Visjonen for denne perioden er: Fysisk aktivitet for alle

For å kunne arbeide mot visjonen er vi avhengige av engasjerte lag og organisajonar, i eit godt samspel med kommunale tenester.

Hovudmål:

Hyllestad kommune skal stimulera og legge til rette for at alle innbyggjarane har kunnskap om viktigheita av fysisk aktivitet, og høve til å utøva fysisk aktivitet ut frå kvar enkelt sine føresetnader.

Delmål, aktivitetar:

  • Alle under 18 år er fysisk aktive minimum 60 minutt kvar dag
  • Alle over 18 år er fysisk aktive minimum 30 minutt kvar dag.
  • Hyllestad skule har trygg skuleveg og flest mogeleg syklar eller går til skulen.
  • Fleire av innbyggjarane nyttar naturen som arena for fysisk aktivitet, og det blir etablert fleire organiserte friluftstilbod
  • Aktivitetsskapande nærmiljøanlegg blir etablert i buområde
  • Hyllestad kommune byggjer fleirbrukshall for å skape gode rammer for fysisk aktivitet, men der å skape ein sentral møteplass for innbyggjarane også er ei viktig målsetjing.
  • Hyllestad kommune må samarbeida med lag og organisasjonar om å utvikla gode rutinar for å informera innbyggjarane om eksisterande aktivitetstilbod i kommunen.
  • Alle innbyggjarane i Hyllestad har god kunnskap om fysisk aktivitet og veit gevinsten ved å vere fysisk aktiv.
  • Alle som bidreg til å gjere andre aktive, har høg kunnskap om det å vere aktiv, aktivisere andre og å inkludere andre. Det er særleg viktig å få til lågterskeltilbod, der barrieren for å vere fysisk aktiv blir redusert.

Delmål, handlingsprogram anlegg:

  • Få til ei planlagt og målretta utbygging av anlegg som er tilrettelagt for idrett, friluftsliv og kulturaktivitetar. Sikre naudsynt areal for leik, idrett og friluftsliv.
  • Leggje til rette for at idrettsanlegg vert utvikla i nær forståing med idretten sine behov og prioriteringar.
  • Vere grunnlag for søknad om statlege spelemidlar.
  • Vere grunnlag for søknad om statlege midlar til kulturbygg.
  • Avklare eigarar sitt ansvar ved utbygging og drift av bygg og anlegg.
  • Vere reiskap for budsjett- og økonomiplanarbeidet i kommunen.

Gjeldande plan vart vedteken i desember 2015 og har blitt forlenga til å gjelde ut 2021.

Gjermund Flage
Ass. kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 932 18 780
Sigrid Solberg
Biblioteksjef/kulturkonsulent
E-post
Telefon 57 78 95 41