Finn viktig informasjon om:

 

Fritidsklubb

Kvar torsdag etter skulen er det fritidsklubb - eit gratis tilbod for alle barn og unge frå 5. - 10. klasse. Basen for klubben er det "sosiale rommet" på Hyllestad skule der ungdomane kan gjere kjekke aktivitetar som dei sjølv er med på å bestemme. Det blir servert varm middag i klubben. 

Fritidsklubben er eit nytt lågterskel tilbod der ungdomane i stor grad kan bestemme sjølv kva dei vil gjere. Leiar for klubben er Cecilie Løvø Amundsen som er utdanna barne- og ungdomsarbeidar. Klubben hadde oppstart etter vinterferien 22 og har komme godt i gang med opp til 17 deltakarar. Kvar gong er det ei gruppe som får ansvar til å lage middag for alle, noko som er veldig populær. Planen er å gjere klubblokalet meir koseleg med putar, lyslenker, musikk- og karaokeanlegg. Det er ønskjeleg at ungdomane melder seg på til klubben minst 1 dag i forkant for at middagen kan planleggjast og at leiaren har oversikt over kven som kjem. Men det er også mogleg med spontan drop-in.

Klubben er ei prøveordning fram til sommaren 22 og blir etablert permanent dersom det visar seg at ordninga er vellukka. 

Påmelding og spørsmål om fritidsklubben? Ta kontakt med Cecilie (tlf. 908 27 820).
Velkomen! :)

Cecilie Løvø Amundsen
Telefon 908 27 820