Finn viktig informasjon om:

 

Fritidsfond

Har du barn i alderen 5 til 17 år og slit med svak økonomi – utan at du får hjelp frå NAV?

Då kan Fritidsfondet hjelpe. Hyllestad kommune har oppretta Fritidsfondet for å sikre at barn og unge frå familiar med svak økonomi kan søkje om støtte til organiserte fritidsaktivitetar. Det er ei tillitsbasert ordning utan krav til dokumentasjon av din økonomiske situasjon. Alle søknader vil bli handsama konfidensielt.

Reglement for Hyllestad fritidsfond

1.    Føremål: 

Hyllestad Fritidsfond har som føremål å gi barn og unge i alderen 5-18 år moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar til tross for svak familieøkonomi.

2.    Målgruppe:

Barn og unge mellom 5 og 18 år som er busett i Hyllestad kommune, og som ikkje allereie mottek støtte til fritidsaktivitetar via NAV.

3.    Støtta skal brukast til:    

Betaling for kostnader knytt til faste organiserte fritidsaktivitetar i Hyllestad kommune, eller ein av nabokommunane. Dette kan vere:

  • medlemskontingent
  • trenings- og aktivitetsavgift
  • kulturskuleavgift
  • lisensar
  • eigenandel for turar, treningsleirar, deltaking på stemne og cupar m.m.

4.    Støttebeløp:

Det kan bli gitt maksimalt 3000,- kr. i støtte til eit enkelt barn/ungdom i løpet av eit år.
Søknadsbeløp må være minimum 300,- kr. pr. barn/ungdom. Det kan søkjast fleire gonger i løpet av året. 

5.    Søknadsprosedyre:    

Føresette søkjer via digitalt skjema på Hyllestad kommune si heimeside. Søknader vert handsama fortløpande, og ein kan vente svar seinast innan 3 veker. Søknaden skal innehalde informasjon om kven det blir søkt for og kva det blir søkt støtte til. Søkjar lastar så opp kvittering av betalte utlegg og ber om refusjon frå fritidsfondet. Det vert ikkje stilt krav om dokumentasjon av søkjar sin økonomiske situasjon, ordninga er tillitsbasert.

6.    Søknadshandsaming:

Søknaden vert handsama administrativt av sakshandsamar i oppvekst- og kulturavdelinga i kommunen. Kopi av vedtak vert sendt til NAV.


Reglementet er vedteke i Plan og Samfunn sak 22/012
 

Franziska Rüttiman Storemyr
Kulturkonsulent
E-post
Telefon 57 78 95 42
Mobil 911 95 016