Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Friluftsliv

Hyllestad kommune har ein variert natur, frå typiske kystområde til meir skjerma dalføre og lyngheiar, og eit mangfald i geologi og plantedekke. Her er såleis eit godt utgangspunkt for eit aktivt friluftsliv, som kan gje deg rike naturopplevingar – året rundt.

Klikk for stort bilete

Hyllestad har mange vatn som er rike på fjellaure. Her frå Svartevatnet på Lifjellet. Foto G. Flage

For deg som har maling eller fotografering som hobby er her mykje inspirasjon å hente.

Det er milevis med merka turløyper med varierande vanskegrad. Desse finn du på det felles turkartet for Hyllestad og Fjaler som vart utgjeve i 2012. Kartet er til sals på biblioteket og butikkar i kommuen. Du kan også finne kart over stiane på www.ut.no og aller best, du kan laste ned appen "Ut" og finne karta på din smartmobil.

I kommunen er det og tilrettelagt fine trasear for padling med kano. Er du glad i å fiske, så er det gode tilhøve for fiske i sjø og fjellvatn, og det er tre småbåthamner (Leirvik, Hyllestad og Sørbøvåg).

Sjå også lenkjer i høgremargen.

Kontakt

 Gjermund Flage

Gjermund Flage

Ass. kommunedirektør
Telefon : 57789546
E-post :
Sigrid Solberg

Sigrid Solberg

Biblioteksjef/kulturkonsulent
Telefon : 57789541
E-post :