Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

Digital deltaking for alle

Klikk for stort bilete   Hos DigiDeg kan du få gratis opplæring og rettleiing i bruk av mobil og data DigiDeg tilbyr eit digitalt rettleiingstilbod lokalisert i biblioteket kvar måndag og torsdag.

Du kan også finne DigiDeg i ein av våre daglegvarebutikkar på annonserte tidspunkt.

Det er moglegheit for individuell rettleiing, kurs og hjelp via chat på DigiDeg si heimeside.

Det er ein kombinasjon av eigne tilsette og eksterne personar som gjev rettleiing.

Vi kan hjelpe deg med generell bruk av digitale verktøy og internett-tenester (til dømes bruk av PC/nettbrett, internett, sosiale medier mm.) og hjelp til bruk av statlege digitale tenester.

Besøk oss på biblioteket:

Måndag kl. 12-14

Torsdag kl. 14-16

Kontakt Rune Thorsnes om du ynskjer rettleiing utanom dei faste opningstidene.

Du kan også få meir informasjon og hjelp på DigiDeg si facebookside og heimeside.