Borgarleg vigsel

No kan du gifte deg på kommunehuset eller i Kvernsteinsparken, eventuelt andre stader etter nærare avtale med vigslar.

Borgarleg vigsel er det kommunane som har ansvar for.

Prøvingsattest
Før du kan gifte deg må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, sjå kapittel 1 i ekteskapslova.

Behandlingstida kan vere opp mot 6 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Oversikt over skjema som må fyllast ut:
Eigenerklæring
Forlovarerklæring
Erklæring om skifte (om du har vore gift tidlegare)
Melding om endring av namn, dersom du vel å endre namn

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.  Du kan sende prøvingsattesten til Hyllestad kommune.  Ein slik attest er gyldig i fire månader.

Bestille tid for vigsel
Skal du gifte deg borgarleg i Hyllestad, kan du ta kontakt med kommunen v/ordførar.

Tid og stad for vigsel
Vi tilbyr i utgangspunktet vigslar alle yrkedagar i kontortida.  Godkjende vigselstader er Hyllestad kommunehus, kommunestyresalen eller formannskapssalen, samt Kvernsteinsparken.  Lokala vert innreia slik at det gjev eit verdig og høgtideleg preg.

Brudepar som ønskjer vigsle til andre tidspunkt eller andre stader i kommunen, må gjere avtale med vigslar om dette.  Kjem det til meirkostnader må ein betale for det.

Vigslar er gratis for alle i ordinær kontortid.

Korleis blir seremonien?
I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp.
Seremonien kan tilpassast til brudeparet sine ønskjer, til dømes med song og musikk.

Vigselsattest
Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet.  Samstundes får brudeparet ein kopi.  Kopien fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret.

 

Klikk for stort bilete  

Kontakt

Kjell Eide

Ordførar
Telefon : 992 71 900
E-post :