Hyllestad folkebibliotek

bibliotek.jpg - Klikk for stort bilete Sigrid Solberg

Du finn oss like etter hovudinngangen på kommunehuset.  Her kan du låne bøker eller filmar, men du kan og kome innom for å lese aviser, offentlege papir og ulike tidsskrift. Vi har pc for publikum, og trådlaust nett. For dei yngste har vi teiknesaker og ulike spel.

OPNINGSTIDER I SOMMAR:

Veke 26-29 og 32-33:

tysdag:   kl 10 - 14

torsdag:  kl 14 - 18

I vekene 30 og 31 er biblioteket STENGT.

 

Kontakt: Telefon 577 89 540 eller epost: bibliotek@hyllestad.kommune.no

På biblioteket kan du låne:

  • bøker
  • lydbøker
  • filmar
  • tidsskrift
  • e-bøker

Det er gratis å låne, men for å låne treng du lånekort. Er du yngre enn 12 år, må du ha underskrift frå forelder/føresett på utlånsreglementet.

For å låne e-bøker treng du eit lånenummer (står på lånekortet) og pinkode (som du får av oss).

Spør du etter ei bok eller ei lydbok som vi ikkje har, kan den bestillast inn frå eit anna bibliotek. Dette gjeld og dei som er fjern- og deltidsstudentar.

Her kan du søkje i katalogen vår  >Bibliotekkatalog

Her finn du og tenesta "Meg og mitt". Denne gir deg oversikt over kva du har lånt. Du kan og reservere bøker eller fornye det du har lånt.

Biblioteket er ein møteplass for alle i kommunen, og er ei skattekiste der ein kan finna spanande historiar, formidla i skrift, lyd eller bilete.

Det beste i livet er gratis - bruk biblioteket!