Hyllestad frivilligsentral

Hyllestad frivilligsentral har kontor rett ved inngangen til kommunehuset ved sidan av ekspedisjonen og biblioteket. Hyllestad frivilligsentral skal stimulere til frivillig innsats, mangfaldige og opne møteplassar og er eit bindeledd mellom kommunen og frivilligheita

19. oktober opna BUA Hyllestad som er ei vidareføring og utvikling av utstyrssentralen som har eksistert i mange år på kommunehuset. BUA Hyllestad som held til i 1.etasje vert drifta av Hyllestad frivilligsentral og Hyllestad folkebibliotek. 

Sjå nettside for opningstider BUA Hyllestad

 

I same etasje som BUA Hyllestad finn ein også gratisbutikken med klede og sko, dersom du har noko du vil gi til gratisbutikken kan dette leverast til frivilligsentralen sitt kontor. 

Les meir om gratisbutikken her.

 

Dagleg leiar i frivilligsentralen er som regel å treffe på kontoret kvardagar mellom 08:00 og 15:00, torsdagar til kl 18:00. Ta gjerne ein tur innom eller ring for ein prat!

Julie Einen
Leiar Hyllestad frivilligsentral
E-post
Mobil 90 73 01 76