Psykisk helse

Psykisk helseteneste kan gi hjelp og støtte til personar som har psykiske vanskar og som treng oppfølging i kvardagen. Hjelpa kan vere støttesamtale, råd og rettleiing, oppfølging i heimen, støttekontakt, hjelp med medisinar, samordning av tenester (til dømes psykisk helseteneste - fastlege – heimesjukepleie).

Tenesta er bemanna på dagtid måndag, tysdag, torsdag og fredag.

Kontaktperson Brite Wallevik Ness 97 02 28 07 / 57 78 95 17  / 57 78 95 00

Publisert av Elin Garnes Solås. Sist endra 18.08.2015 av Jens Chr. Lundeland