Legetenesta

Bestilling av legetime

Bestilling av time hjå fastlegen din kan du gjere på telefon 57 78 95 20 

Opningstid telefon 09:00 - 10:30 og 12:30 - 13:30 alle kvardagar.

 

Akutt hjelp - ring 113

 

Legevakt

Ring 116117   eller  57 78 85 09 heile døgnet

Hyllestad kommune er med i interkommunal legevaktording SYK-IKL.

 

Hyllestad legekontor finn du i første etasje i kommunehuset på Hyllestad.

 

Legevakta same nummer i heile landet: det sekssifra nummeret 116117 (uttalast hundreogseksten-hundreogsytten). Frå då av vil du komme til legevakta der du oppheld deg uansett kvar i Noreg du ringer frå. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.

Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt blir ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege.

Det gamle nummeret til legevaktsentralen (57788509) vil fungere  som før. Det kan nyttast viss ein ønskjer å nå ei anna legevakt enn der ein oppheld seg. Dette kan vere nødvendig for eksempel om ein ringer for ein sjuk  familiemedlem  som oppheld seg i ein annan kommune.

Ring først!  

Legevakta er open for telefonkontakt heile døgnet. Det er i dei fleste høve best at du ringer på førehand for å få ein vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.

Når du treng legehjelp – kven skal du ringe?

  • Fastlegen din              i opningstida (57 78 95 20)
  • Legevakta 116117     når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
  • 113                                  når det er akutt og det står om liv

 

Byte av fastlege

Du kan byte fastlege sjølv.  Meir informasjon om å byte fastlege finn du på nettstaden til HELFO.

Kjernejournal og anna nyttig informasjon kan du finne på nettstaden til helsenorge.no

> Kvifor kjernejournal? Har du ein sjukdom eller alvorleg allergi?

Publisert av Jens Chr. Lundeland. Sist endra 06.01.2017 av Elin Garnes Solås