Folkehelsearbeid

Målet for folkehelsearbeidet i Hyllestad

Hyllestad kommunestyre har i Plan for folkehelsearbeidet vedteke følgjande mål for arbeidet:

  • Hyllestad kommune skal arbeide for å fremje helse hos alle innbyggjarane.
  • Hyllestad kommune skal arbeide for å redusere helseforskjellar slik at folk får fleire leveår med god helse og trivsel.

Satsingsområda i planperioden 2014-2018 er

  • Fysisk aktivitet og ernæring
  • Psykisk helse og rus

Frisklivssentral

Hyllestad frisklivssentral opna i februar 2015. Frisklivssentralen er eit helsetilbod der målgruppa er personar med risiko for, eller har utvikla livsstilssjukdom/-lidingar, og som treng hjelp til å endre levevanar. Samstundes er det eit lågterskeltilbod med ein klår folkehelseprofil. Hovudtilbodet er Aktiv på dagtid (trimloftet/turar) og ein skal samarbeide med Fjaler og Askvoll om «Bra mat»-kurs, røykesluttkurs og tilbod til born og ungdom. Frisklivssentralen er leia av fysioterapeut Sirpa Markkanen tlf 57 78 96 00.

Hyllestad kommunen er AV-OG-TIL kommune: http://www.avogtil.no/

Sist endra 08.10.2015 09:48 av Jens Chr. Lundeland

Kontakt

Bente Nesse

Rådmann
Telefon : 577 89 503 | 900 64 592
E-post :