Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Eiklund sjukeheim

Hyllestad omsorgsenter Eiklund - Klikk for stort bilete

Eiklund sjukeheim har til saman 22 sengeplassar, fordelt på 3 avdelingar:

  • Post A, skjerma/demensavdeling med 8 senger
     
  • Post B, langtid/korttid med 7 senger
     
  • Post C, langtid/korttid med 7 senger

 

 

I tillegg har vi:

  • Dagtilbod for dmente 1 dag i veka (tysdagar, etter tildeling av plass)
  • Ope dagsentertilbod kvar tysdag og fredag på arbeidsstova på Eiklund.  (Dette er ope for alle innbyggjarane i kommune, også heimebuande).

 

Korleis søkje ?

Du må søkje skriftleg om plass/opphald. All tildeling av tenester ved Eiklund sjukeheim, langtid, korttid, rehabilitering og dagopphald skjer etter at søknad er handsama i tverrfagleg inntaksmøte.

Søknadsskjema finn du her Søknadskjema

Du kan òg ringe til omsorgstenestene på telefon 577 89 600 og be om å få tilsendt skjema.

Søknaden sender du til Hyllestad kommune, omsorgstenestene, Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg.

 

Informasjon om Eiklund sjukeheim

Legeteneste:
Eiklund sjukeheim har tilsynslege kvar tysdag, og elles ved behov.

Laboratorieteneste:
Blodprøvetaking føregår ved behov alle vekedagar, unnateke fredag.

Tannlege og tannpleiar:
Bebuarane får i hovudsak behandling av tannlege og tannpleiar ved tannlegekontoret på Hyllestad etterbehov. 

Frisør og fotpleie:
Sjukeheimen har frisør og fotpleiar ein gong i månaden. 

Dagsenteret:
Sjukeheimen har aktivitør med ansvar for dagsentertilbodet tysdag og fredag. 

Song og ballong:
Dette er eit tilbod frå kulturskulen annakvar onsdag.

Prest:
Vi har felles andakt annakvar veke.

 

 

Kontakt

Merete Kirketeig

Leiar sjukeheim
Telefon : 57789603
E-post :
Eiklund sjukeheim

Eiklund sjukeheim

Omsorgstenestene
Telefon : 57789600
E-post :