Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

 

 

Førebyggjande tiltak for rusmiddelbrukarar

Klikk for stort bilete  

Ei rekkje smittsame sjukdomar kan overførast mellom menneske med blod- og blodprodukt.  Dei mest kjende er HIV, Hepatitt B og C.

Hyllestad kommune vil syte for at alle som bur, eller mellombels oppheld seg i kommunen, er sikra naudsynte førebyggjande tiltak, undersøking og behandling med omsyn til smittsam sjukdom.

 

Gratis brukarutsyr
Hyllestad kommune har ei ordning med gratis og lett tilgjengeleg brukarutstyr for injiserande stoffmisbrukarar som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen.  Det er god vitskapleg dokumentasjon for den smitteførebyggjande effekten av å dele ut sterile sprøyter, kanyler og røykefolie.  Tilgang til røykefolie gjer at herion kan røykast i staden for injeksjon.  Dette minimerer faren for blodbåren smitte og overdose.

Sterile sprøyter og sprøytespissar, røykefolie (aliminiumsfolie), reinseserviett og ein behaldar for brukte sprøytespissar vert delt ut gratis:
Mandag - fredag 08.00 - 15.30 ved Hyllestad legekontor

Utanom opningstida ved Hyllestad sjukeheim, Sørbøvåg.

Gratis vaksine
Hyllestad kommune tilbyr gratis vaksine mot hepatitt B (og A) for injiserande stoffmisbrukarar, dersom ein ikkje er smitta frå før.  Dette vil krevje ein blodprøve.  Aktuelle personar kan ta kontakt med legekontoret eller helsestasjon for ungdom.

Rådgjeving, undersøking og behandling
HIV/Aids, Hepatitt B og C (m.m.) gjeld som "allmennfarleg smittsam sjukdom", jf. smittevernlova:  "Den som det etter en faglig vurdering er grunn til å anta er i fare for å bli smittet med en allmennfarlig sykdom, har rett til medisinsk vurdering, utredning og behandling som dekkes av folketrygden". 
Med andre ord - rådgjeving, undersøking og behandling er gratis for vedkomane.

Injiserande stoffmisbrukarar kan ta ein blodprøve for å finne ut om dei er smitta av HIV, Hepatitt B eller C.  Kontakt legekontoret.

Personar som er smitta med kronisk Hepatitt C kan få adekvat og tilrettelagt behandling.  Ta kontakt med fastlegen/legekontoret, smittevernlegen eller helsestasjon for ungdom i Hyllestad - det finst god behandling!

Om du har spørsmål - ta kontakt med legekontoret på telefon 577 89 520.

 

Ved overdose eller behov for akutt helsehjelp - ring naudtelefon 113 eller legevakt 116117.

Kontakt

Hyllestad legekontor

Telefontid 09:00-10:30 og 12.30-13:30
Telefon : 57789520
E-post :

Anette Ester

Kommuneoverlege/smittevernlege
Telefon : 57789520
E-post :

Siv Storøy

Leiande helsesjukepleiar
Telefon : 57789512
E-post :