Psykisk helse- og rusomsorg

Tenesta er ein del av den kommunale helsetenesta.  Tenesta yter hjelp til menneske med psykiske helseutfordringar, psykisk sjukdom eller rusmiddelproblematikk, og menneske i krise.

 

vår - Klikk for stort bilete

Slik søkjer du

For å få psykisk helsehjelp, må du vere busett eller opphalde deg i Hyllestad kommune.  Du kan ta kontakt sjølv, eller bli henvist av lege eller andre instansar.  Ved henvendig tilbyr vi raskt hjelp i form av ein vurderingssamtale/ førstegangssamtale.
 

Kva hjelp kan eg få?

Tilbodet du får er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er, og kva som skal til for at du kan få det bedre.

Tilbodet kan vere:
- Personleg oppfølging og samtalar
- Hjelp til å lage struktur i kvardagen
- Hjelp til å finne meiningsfulle aktivitetar
- Individuell plan og ansvarsgruppe
- Hjelp til å finne riktige tenester
- Støtte til betring og meistring
- Oppfølging i ein krisesituasjon
- Oppfølging som pårørande til ein rusavhengig
 

Akutt psykisk helsehjep

Treng du akutt psykisk helsehjelp, kontakt legevakt på telefon 116117 eller 113.


Aktivitetstilbod

Målsettinga med aktivitetstilboda er å motvirke isolasjon.

Gjenbruksstasjonen i Staurdalen
Open onsdagar kl. 12:00 - 18:00. 
Kontaktperson:  Kerstin Stäblein, telefon 57789542.

Aktiv på dagtid
Tysdagar 10:30 - 12:00, frammøte ved Fleirbrukshuset på Hyllestad.
Kontaktperson:  Sirpa Markkanen,  telefon 48247723.

Støttekontakt
Støttekontakt vert tildelt som eit individuelt tiltak etter søknad og vurdering av behov.


Kven kan få hjelp?

- Du fungerer dårleg i dagleglivet på grunn av psykiske problem eller rusproblematikk.
- Du har ein langvarig psykisk sjukdom.
- Du er i ein krisesituasjon som gjev behov for profesjonell hjelp.
- Du er pårørande til nokon som er rusavhengig og ønskjer noko å snakke med dette om.
- Du er rusavhengig og treng hjelp til å meistre kvardagen.
- Du er tidlegare rusavhengig og treng støtte til å halde deg rusfri.
- Du er rusavhengig og ønskjer å slutte.


Kva kostar det?

Du betalar ikkje for oppfølginga

Enkelte aktivitetar kan koste litt, t.d. mat eller inngangsbillett.


Kva skjer vidare?

Når du søkjer om tenester vil vi foreta ei vurderingssamtale eller heimebesøk for å kartlegge situasjonen og hjelpebehovet.  I etterkant av dette vil vi føreta ei vurdering av kva type hjelp vi kan tilby og omfanget av denne.

For personar som treng støttesamtalar for ein kortare periode vil det ikkje verte stilt krav om søknad.  Men det vert ført journal frå samtalane ein har.


Kven møter du?

Tenesta har to tilsette:

Brite Wallevik Ness er utdanna barnevernspedagog med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og kognitiv terapi.  Ho er fagleg leiar for tenesta.

Aina Brendsdal Forthun er utdanna vernepleiar og har master i spesialpedagogisk rådgjeving.


Opningstider

Kontora ligg i 1. etasje i kommunehuset på Hyllestad, inngang på same vegg som legekontoret, men til venstre.  Vidare tek du første dør til venstre om du går inn døra med handikap-opning.

Vi er på jobb kvar dag frå 08:00 - 15:30. 

Vi jobbar ein god del ute i felten, så det er ikkje alltid folk på kontoret.  Men vi har med oss mobiltelefon og ringer deg tilbake som fort vi har moglegheit til det.

 

Sjølvhjelpsgrupper

Rusettervernet har lokale grupper for ettervern og pårørande. Informasjon finn du her Rusettervernet i Sogn og Fjordane

Rusettervernet har døgnbemanna vakttelefon som du kan ringe dersom du har spørsmål eller treng nokon å snakke med.  Dei har telefonnummer 948 34 493 og 415 07 533.

Mental Helse Sogn og Fjordane har fleire lokallag som tilbyr ulike aktivitetar for medlemene, kontaktperson er Gerd Bjørkedal, telefon 99 63 53 53.
Mental Helse sentralt har døgnopen hjelpetelefon 116 123.


LEVE - foreninga for etterlatte etter sjølvmord.

Kontakt

Aina Brendsdal Forthun

Vernepleiar
Telefon : 57789516
E-post :

Brite Wallevik Ness

Fagleiar psykisk helse
Telefon : 57789517
E-post :