Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Har du ein sjukdom eller alvorleg allergi?

No har alle innbyggjarane i kommunen fått kjernejournal. Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysningar som er spesielt viktige om du har behov for akutt hjelp og behandling ein stad du ikkje har vore før. Har du alvorlege sjukdomar eller allergiar, kan du be fastlegen om å registrere  denne informasjonen i kjernejournalen din.

1-2 prosent av innbyggjarane i Noreg har ein sjukdom, tilstand eller allergi som det er svært viktig at legen veit om for å kunne gi riktig behandling. Slike opplysningar, som kan endre val av undersøkjing, behandling og oppfølging av deg på sjukehus eller legevakt, er kalla «kritisk informasjon» og er ein viktig del av kjernejournalen. 

Det er legen som må registrere kritisk informasjon i kjernejournalen din. Registreringa vil som regel skje i samråd med deg når du har legetime eller får behandling.

Eksempel på kritisk informasjon er:

  • Alvorlege allergiar eller overfølsomhetsreaksjonar (t.d. allergi mot penicillin eller problem med narkose).
  • Implantater (t.d. shunt i sentralnervesystemet eller pacemaker).
  • Viktige behandlingar du får (t.d. dialyse eller cellegift).
  • Sjeldne, alvorlege tilstandar (t.d. blødarsjukdom, binyrebarksvikt, immunsvikt eller enkelte stoffskiftesjukdomar). 

Om dette gjeld deg, eller du har andre alvorlege allergiar eller sjukdomar, kan du be legen registrere opplysningane i  kjernejournalen din neste gong du har time. Er du i tvil, kan du snakke med legen om dette.