Legetenesta

Bestilling av legetime

Bestilling av time hjå fastlegen din kan du gjere på telefon 577 89 520. 

Opningstid telefon 09:00 - 10:30 og 12:30 - 13:30 alle kvardagar.

 

Akutt hjelp - ring 113

 

Legevakt

Ring 116117 heile døgnet

Hyllestad kommune er med i interkommunal legevaktording SYK-IKL.

 

Hyllestad legekontor finn du i første etasje i kommunehuset på Hyllestad.

 

Legevakta har same nummer i heile landet: 116117 
Via dette nummeret vil du komme til legevakta der du oppheld deg uansett kvar i Noreg du ringer frå. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.

Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt blir ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege.

Oppheld du deg utanfor medlemskommunane og ønskjer å nå legevakta i Førde må du ringe
578 32 300.

Dette nummeret kan du bruke om du ønskjer å nå SYS-IKL, men er sjølv i ein annan stad i landet.  Dette kan vere nødvendig om du ringer for eit sjukt familiemedlem eller du må då dei av andre grunnar. 


Ring først!  

Legevakta er open for telefonkontakt heile døgnet. Det er i dei fleste høve best at du ringer på førehand for å få ein vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.

Når du treng legehjelp – kven skal du ringe?

  • Fastlegen din              i opningstida (577 89 520)
  • Legevakta 116117     når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
  • 113                                  når det er akutt og det står om liv

 

Byte av fastlege

Du kan byte fastlege sjølv.  Meir informasjon om å byte fastlege finn du på nettstaden til HELFO.

Kjernejournal og anna nyttig informasjon kan du finne på nettstaden til helsenorge.no

> Kvifor kjernejournal? Har du ein sjukdom eller alvorleg allergi?