Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Lokale karantenevedtak vert oppheva

Klikk for stort bileteLokalt karantenevedtak for Hyllestad kommune vert oppheva frå søndag 22. mars 2020.

Frå søndag 22. mars vil ikkje dei lokale karantenevedtaka som blei innført for ei veke sidan, vere gjeldande. Etter smittevernlova har vedtaket ei varigheit  på sju dagar, og ei eventuell forlenging må skje ut frå faglege råd frå Folkehelseinstituttet. Folkehelseinstituttet tilrår ikkje å iverksette tiltak som innreisereglar og karantene mellom kommunar og landsdelar, les meir her: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/meldinger/folkehelseinstituttets-anbefaling-om-lokale-karantener-og-innreiseregler/

 

Eit samla fagmiljø av kommuneoverlegar i fylket ber framleis befolkninga om å ha stort fokus på smitteverntiltak i tida som kjem.

Alle vert oppmoda til å reise minst mogleg og ta omsyn til kvarandre med å halde avstand og ha stort fokus på handhygiene.

Alle som har symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime for å ikkje smitte andre.