Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

Barnehage og skule

Hyllestad barnehage opna måndag 20. april, og frå 27. april opnar 1. - 4. klasse i skulen og SFO.

Den første tida har barnehagen i kommunen ei litt kortare dagleg opnintstid enn vanleg;  Kl. 08.00-15.00.

Dette gjeld Hyllestad barnehage, Hyllestad skule, Hyllestad og Fjaler kulturskule og Hyllestad vaksenopplæring.

Tiltaket med redusert opningstid i barnehagen vert vurdert som nødvendig for at vi skal kunne imøtekomme dei nasjonale råda på ein best mogleg måte.  For barnehagebarn der det er vanskeleg å regulere avstand til andre, vert det viktigaste tiltaket å avgrense tal nærkontaktar til kvart barn og tilsette.  Dette gjer ein ved å ha små grupper og ha faste tilsette for kvar gruppe.  Dette vert kalla å lage "kohortar" og i barnehagen vil dette vere det viktigaste utgangspunktet for å førebygge og avgrense smitte.

Kontaktinformasjon

Hyllestad barnehage - styrar Rigmor Strømskag Dale, tlf. 57789555

Hyllestad skule - rektor Kristin Eimind, tlf. 57789553