Koronavirus - Hyllestad kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.  

 

Siste nytt

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto

Lettelse i nasjonale smittevernsreglar og anbefalingar frå 14.1

 

 

 

 

 

 

Hyllestad kommune fylgjer dei nasjonale  råda. 

  • Skule og barnehage opnast til grønt nivå frå måndag 17.1
  • Sjukeheimen beheld munnbindpåbud om du ikkje kan halde meteren, både for tilsette og besøkande. Som besøkande må du og skrive deg i boka ved inngang for eventuell smittesporing  

Aktivitet - born og unge under 20: 

  • Barn og unge  under 20 år kan kan gjennomføre utandørsaktivitet som normalt
  • anbefalte gruppestorleikar innandørs er 20
  • Aktivitetar innadørs kan gjennomførast med kontakt der det er naudsynt

Aktivitet - dei over 20:

  • Innandørs anbefalt maks 20 personar med 1 m avstand
  • ved intensivtrening bør 2 m holdast som avstand
  • utandørsaktivitetar som normalt, med kontakt der det er naudsynt

https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/

 

 

 

12.1.22:

1 ny smitte i dag. Person er isolert og nærkontaktar er informert og organisert rette tiltak rundt

 

11.1.22

Eit nytt smittetilfelle i dag. Isolert og kjend smitteveg. Nærkontaktar er informert og organisert rett tiltak rundt

 

7.1.22

Eit nytt smittetilfelle i dag. Isolert og kjend smitteveg. Nærkontaktar er informert og organisert rett tiltak rundt

 

6.1.22

Det er stadfesta eit nytt smittetilfelle i dag. Person er i isolasjon og smitteveg kjend. Smittesporing og karantene ergjennomført.

 

1.1.22

Det er stadfesta eit nytt smittetilfelle i dag og er i isolasjon. Smitteveg er kjend. Nærkontaktar er kontakta og  i karantene .

 

30.12.21

Det er stadfesta to nye smittetilfelle i dag. Begge er i same husstand og er i isolasjon og nærkontaktar er i karantene.   

 

23.12.2021
Det er stadfesta eit nytt smittetilfelle i dag.  Vedkomande er i isolasjon no.  2 nærkontaktar i karantene

 

16.12.2021
Det er stadfesta eit nytt smittetilfelle i dag.  Vedkomande har vore i karantene sidan førre tysdag, og er i isolasjon no.  Det er kjend smitteveg, og vedkomande har ingen nærkontaktar.

 

15.12.2021
Kommunen har 1 nytt smittetilfelle i dag, som er knytt til skulen. Nærkontaktar er kontakta og har testa seg.  Dei smitta har kjend smitteveg og er i isolasjon. 

 

14.12.2021  Nye reglar og tilrådingar frå Regjeringa vil bli fulgt opp.  Vi føl nøye med på utviklinga og dei nasjonale råda som vert gitt.
Det er per klokka 10.00 i dag ikkje meldt om nye smittetilfeller i kommunen.

 

13.12.2021
Det er stadfesta eit nytt tilfelle av korona i kommunen i dag og er knytt til skulen  

Hyllestad kommune har fram til no hatt 6 smittetilfeller fordelt på dei 3 siste vekene.  Nærkontaktar er kontakta og har testa seg.  Dei smitta har kjend smitteveg og er i isolasjon.

 

Det viktigaste rådet frå Regjeringa no er å sei ja til vaksine, hald deg heime og test deg når du er sjuk, 

 

Nasjonale smittevernsreglar

Hyllestad kommune føl dei nasjonale smittevernsreglane som gjeld frå midnatt 9.12.2021.  Dette er mellom anna:

  • Avstand og sosial kontakt - hald meteren!
  • Helst ikkje meir enn 10 gjestar heime, i tillegg til eigen husstand.
  • Reduser taler nærkontaktar.
  • Bruk munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader og taxi.  Munnbindpåbud gjeld òg hos frisør, hudpleie og andre ein-til-ein-verksemder.
  • Karanteneplikt for nærkontaktar vert utvida til òg å gjelde øvrige nærkontaktar, ikkje berre husstandsmedlemer og tilsvarande nære.
  • Maks 50 personar ved offentlege arrangement - hald 1 meteren!
  • Maks 20 personar ved privat arrangement i leigde lokaler - hald 1 meteren!

 

Skular og barnehagar

Skular og barnehage driv på gult nivå frå 15.12.2021.  Vaksenopplæringa tek ferie frå same dato.

For fritidsaktivitetar for barn og unge vert det gitt råd om at desse vert gjennomført utandørs så langt det er mogleg.  Ingen aktivitetar treng å stengast ned per i dag.

Treningssenteret er kun open for individuell trening - ved trening med høg intensitet skal det haldast 2 meters avstand

 

Heimekontor

Det er gitt pålegg frå Regjeringa om å tilrettelegge for heimekontor for dei som kan dette.  Det vil difor vere mindre moglegheit for å treffe sakshandsamarar fysisk, då dei fleste har heimekontor eller ikkje har ope for publikumsekspedering.  Denne ordninga gjeld frå onsdag 15.12. og førebels i fire veker.

Ta kontakt per telefon eller e-post > Liste over tilsette