Meld frå ved mistanke om koronavirus

Klikk for stort bileteHar du symptom som kan skuldast koronavirus?  Folkehelseinstituttet ønskjer at du melder dette inn.

Dersom du i løpet av dei siste sju dagane har hatt symptom som kan skuldast koronavirus vil Folkehelseinstituttet at du melder dette inn.  Ved å melde frå, hjelper du med å kartlegge kor mange som kan vere sjuke med koronavirus i Norge.

> Skjema for innmelding og meir informasjon finn du på helsenorge.no

Du kan melde frå på vegne av deg sjølv, barna dine som er under 16 år, eller andre personar som har gitt deg fullmakt på helsenorge.no