Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

Korleis komme i kontakt med kommunen?

Alle kommunale bygg er stengt for publikum frå fredag 13. mars kl. 13:00. 

Kontaktinformasjon kommunehuset
Henvendingar i kommunen si opningstid 08:00 - 15:30.

Dei fleste tilsette i administrasjonen er oppmoda om å ha heimekontor og er ikkje å treffe på kommunehuset.

Kontaktinformasjon til NAV Hyllestad
NAV Hyllestad er stengt for besøkande. 

Om de treng kontakt med NAV - ta kontakt via NAV kontaktsenter 5555 3333 og www.nav.no.
For henvendingar som gjeld økonomisk sosialhjelp kan ein ta kontakt på telefon 412 21 407 i tidsrommet 09.00 - 15.00 frå måndag - fredag.

Fysioterapi
Hyllestad fysio- og manuellterapi held stengt frå og med fredag 13. mars og inntil vidare.
Alle timar og treningar vert avlyst.  Det vert teke kontakt med pasientar ved oppstart.

Gjenbruksstasjonen i Staurdalen
SUM melder at det er ope som normalt, inntil vidare.
> Informasjon frå SUM

Tannlegekontoret
Tannlegekontoret er stengt for alt anna enn akutt hjelp - tlf. 57788622.