Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Informasjon frå lege og helsestasjon

Trur du at du er smitta av koronaviruset?  Har du symptom på luftvegsinfeksjon som feber, sår hals, hoste eller pustebesvær?

Legekontoret
Dersom du har time hos lege og er forkjøla, har influensaliknande symptom, luftvegssymptom som feber, sår hals, hoste eller pustevanskar må du kontakte legekontoret per telefon og få ei risikovurdering før du møter på legekontoret.

Det vert presisert at dei som har forkjølelse, hoste eller feber ikkje skal møte opp på legekontoret utan å ha ringt på førehand.  Dei som har timeavtale skal vente utanfor til dei vert henta.

 

Helsestasjonen
Helsestasjonen avlyser alle avtalar utanom oppfølging av nyfødte og vaksiner til og med 15 månader. 

Ein vil få tilbod om telefonkonsultasjon ved timar som utgår.  Helsesjukepleiar er elles tilgjengeleg på telefon 577 89 512 for både spørsmål og rettleiing.

For å redusere smitterisiko ber vi om at berre ein person følgjer barnet til helsestasjonen dersom mogleg.  Ta eventuelt med eigen leike, då helsestasjonen har fjerna alle sine.

 

Kontaktinformasjon:

  • Legekontoret, tlf. 57789520
  • Koronatelefon (lokal), tlf. 91875865 - kl. 08.30 - 11.30 kvardagar
  • Helsestasjon, tlf. 57789512
  • Legevakt 116117
  • Akutt 113
  • Folkehelseinstituttet sin informasjonstelefon 81555015

 

> Ny app tilgjengeleg for gravide og småbarnsforeldre.