Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

 

 

Informasjon frå lege og helsestasjon

Trur du at du er smitta av koronaviruset?  Har du symptom på luftvegsinfeksjon som feber, sår hals, hoste eller pustebesvær?

Legekontoret
Dersom du har time hos lege og er forkjøla, har influensaliknande symptom, luftvegssymptom som feber, sår hals, hoste eller pustevanskar må du kontakte legekontoret per telefon og få ei risikovurdering før du møter på legekontoret.

Det vert presisert at dei som har forkjølelse, hoste eller feber ikkje skal møte opp på legekontoret utan å ha ringt på førehand.  Dei som har timeavtale skal vente utanfor til dei vert henta.

Legekontoret ønskjer å gje eit godt tilbod til alle innbyggjarane - men nokre endringar blir det i samband med den pågåande pandemien.

  1. Legane vil i større grad kunne tilby telefonkonsultasjonar og videokonsultasjonar hos eigen fastlege.  Dette gjeld typisk sjukmeldingar, oppfølging av nokre pasientgrupper med kroniske sjukdoman m.m.  Timebestilling foregår for tida per telefon.   OBS at alle legar ikkje er til stades kvar dag.
    Akutt hjelp - ring 116117.
  2. Vi kan tilby alle paseinter vanleg konsultasjon med oppmøte.  Pasientane vert bedt om å komme til avtalt tid, men vente i bilen og så blir ein henta inn.  P.g.a. smittevernomsyn vil ikkje ein kunne bruke venterommet.  Det er høve for ledsagar å vere med inn når pasienten ønskjer det.
  3. Det er mogleg med alle typar undersøkingar, laboratorietenester m.v.
  4. Alle som møter opp til enten planlagt, eller akutte timar, vert bedt om å opplyse om dei er smitta av Covid-19, har vore i kontakt med ein Covid-19-sjuk, er i karantene eller har luftvegssymptom, feber eller liknande.  Vi vil ta desse pasientane som skal møtast av legane på eigen inngang via helsestasjonen (baksida av kommunehuset), og til eigne adskilte rom.  Dette er sjølvsagt for å unngå smitte.  Legen vil møte pasientane ikledd personleg smittevernutstyr.  Her vil ein kunne bli møtt av annan lege enn fastlegen.
  5. Det vil òg vere mogleg å tilby heimebesøk, der det er naudsynt.  Det kan vere naudsynt med telefonsamtale med lege før time til eit heimebesøk vert innvilga.
  6. Pasientar blir bedt om å betale ved frammøte, og oppmoda om å oppholde seg kortast mogleg ved skranken og halde avstand til andre pasienter.  Det er ikkje fakturagebyr for videokonsultasjonar.

 

Informasjon frå helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom

I tråd med anbefalingar frå helsedirektoratet vil helsestasjonen no opne opp for tilnærma normal drift igjen.  Det vil sei at alle konsultasjonar i helsestasjonsprogrammet vil bli prioritert.  Inntil vidare har helsestasjonen flytta til same kontoret som jordmor har, med inngang til høgre for helsestasjonen. 

Vi ber om at berre 1 vaksen føl barnet, og at søsken ikkje er med.  Helsestasjonen har fortsatt fjerna alle leikar, så ta gjerne med 1 leike som barnet ditt likar.

Om du eller barnet ditt har symptom frå luftvegar, ber vi som før om at de tar kontakt slik at vi kan sette opp ein ny time.

Skulehelsetenesta:  Helsesjukepleiar er tilgjengeleg for både elevar og føresette i skulen mandagar.
Når det gjeld helsestasjon for ungdom er også denne open, men vi ber ungdom ta kontakt per sms eller telefon slik at vi kan sette opp timeavtale. 

 

Kontaktinformasjon:

  • Legekontoret, tlf. 57789520
  • Helsestasjon, tlf. 57789512 / mobil 45878178
  • Legevakt 116117
  • Akutt 113
  • Folkehelseinstituttet sin informasjonstelefon 81555015

 

> Ny app tilgjengeleg for gravide og småbarnsforeldre.