Avlysing av ekstravakter - kan arbeidsgjevar avslyse desse?
Ja, i utgangspunktet kan arbeidsgjevar det dersom arbeidskraftbehovet ikkje lenger er til stades.
Men - dersom behovet for ekstravakta ikkje lenger er til stades, og ein finn dette ut etter at det er inngått avtale om å ta ei vakt, kan arbeidsgjevar tilby anna arbeid i det avtalte tidsrommet. Arbeidstakar vil då, jf. Hovudtariffavtalen (HTA) kap. 1 § 12 punkt 12.3 tredje lekken, ha plikt til å stille si arbeidskraft til disposisjon.
Dersom arbeidsgjevar har sett som ein forutsetnad ved avtaleinngåing at behovet for ekstraarbeid fortsatt er til stades når arbeidet skal utførast, må arbeidsgjevar ta ei vurdering om forutsetnadane ikkje lenger er til stades. slik at avtalen fell vekk. Om arbeidsgjevar ikkje har teke slikt forbehold, har arbeidsgjevar lønsplikt, med mindre vilkåra for heving eller tilbakekalling av vakta er innfridd.
Dersom arbeidsgjevar og arbeidstakar, etter at det er klart at behovet for ekstraarbeid ikkje lenger er til stades, blir einige om at arbeidstakar ikkje skal utføre anna arbeid enn det som var avtalt, har ikkje arbeidsgjevar lønsplikt.
Derom arbeidstakar møter opp på arbeidsplassen i tråd med avtalt vakt eller har påbegynt vakta før det er avklart at behovet ikkje lenger er til stades, har vedkomande krav på løn for h.h.v. to eller fire timars arbeid, jf. HTA kap. | § 12 punkt 12.3 tredje ledd. Dette gjeld uavhengig av om arbeidsgjevar og arbeidstakar deretter blir samde om at ikkje anna arbeid skal/kan utførast.