Besøksrutinar for Eiklund sjukeheim

  1. Det er tillatt med 2 besøkande per gang, og kun eitt besøk per dag.  Eventuelle unnatak må avtalast nærare med sjukeheimen.
     
  2. Alle besøk skal avtalast per telefon på førehand, tlf. 57789609.  Du kan ringe teamleiar Hilde Håvåg ved sjukeheimen, kontortid 8-15.30 mandag til fredag.  De vil då få nærare informasjon om kriteria for besøk.
     
  3. Innandørs besøk skal skje på tilvist stad.  Det er ikkje tillate å opphalde seg i fellesareal under besøk.  Besøkande vert tekne i mot ved hovudinngang og fulgt av personalet.
     
  4. Hald ein meter avstand til den du besøker og dei tilsette.  Dette gjeld uavhengig om besøket foregår ute eller inne.
     
  5. Det vert ikkje servering ved besøk.  Det er tillete å ha med eigen mat.  Ved all handtering av mat skal handhygiene ivaretakast.
     
  6. Besøkjande skal vaske/sprite hendene når ein kjem og før ein går igjen.  Personalet føl dei besøkande ut.

Om du har vore på besøk på sjukeheimen, og får luftvegssymptom inntil 10 dagar etter besøket, set vi pris på å verte orientert om det.

Kontakt

Målfrid Sognnes

Leiar heimetenestene
Telefon : 577 89 605
E-post :